To sigrar på rad i haustens 7ar-serie for herrar.
Denne hausten har Hasundgot meldt på eit ekstra seniorlag på herresida, der Hasundgot 2 spelar i 7ar-serien saman med Flø, Larsnes, MTG 2 og Haddal.
I førre veke spelte Hasundgot sin første kamp i avdelinga, der dei slå Haddal med imponerande 15-3. Målscorarar var Noah Sundgot (3), Bendik Dimmen (2), Nikolai Aursnes (1), Elias Aasmo (2), Haakon Ringstad (4) og Cato Veien (3).
Denne sigeren følgde Hasundgot opp i går, måndag, då dei møtte Flø til dyst på Høddvoll.
Isak Johnston, med fortid i Hasundgot, sende Flø i leiinga i kampens aller første speleminutt, men Hasundgot slo kraftig tilbake.
Etter ein målrik kamp endte stillinga til slutt på 10-3 til Hasundgot. Målscorarar var Nikolai Aursnes (1), Noah Sundgot (1), Elias Aasmo (1), Haakon Ringstad (3), Cato Veien (1), Sander Gjerde (2) og Mats Bigset (1).
Etter to spelte kampar ligg Hasundgot derfor øvst på tabellen med seks poeng. I 7ar-serien skal det spelast dobbel serie i haust, som betyr at alle laga skal spele totalt åtte kampar denne hausten.
Hasundgot sin neste kamp i 7ar-serien vert heime mot MTG 2 tysdag 13. september.