Kontrollert heimesiger mot MTG

Ikkje alt var perfekt, men Hasundgot sikra seg tre poeng mot tabelljumboen.

I sesonginnspurten handlar det om å byggje mest mogleg positive erfaringar og gode relasjonar. Etter at Hasundgot tapte 2-0 mot Sæbø sist runde er opprykk matematisk umogleg denne sesongen.

Mot samarbeidslaget MTG, kort for Moltustranda/Tjørvåg/Gurskøy, kom Hasundgot seg heldigvis tilbake på vinnarsporet.

Det tok under seks minutt før kampens første scoring kom, signert unge Endre Støylen.

Etter eit hjørnespark heldt Hasundgot oppe eit godt press. Ballen hamna til slutt i beina til Støylen som på heil volley klinka til. Ballen gjekk midt på keeper, som var litt uheldig i involveringa si og glapp ballen mellom beina. 1-0!

Leiinga blei dobla av Nikolai Aursnes etter ein dryg halvtime  då han frå 12 meters hald klemte til. Også denne gangen var MTG-sisteskansen litt uheldig med keeperspelet og ballen smatt under henda til målvakta og i mål.

Like etter Hasundgot si 2-0-scoring klarte gjestene å redusere til 2-1, i det som var MTG sin einaste visitt på Hasundgot sin bakerste tredjedel i 1. omgang.

Etter å ha fått tråkla med seg oppover i banen vart ballen spelt vidare til Grefor Notøy, som såg ut til å stå i ein offsideposisjon, og fekk tuppa inn reduseringa frå fem meters hald. Dommar Birger Breivik vinka derimot spelet vidare og scoringa stod.

Det påverka heldigvis ikkje kampbiletet nemneverdig, for fem minutt før pause auka Aursnes leiinga til 3-1 med si andre scoring for kvelden.

Kaptein Nicolai Molvær vippa elegant ballen over ein forsvarar og ballen landa i beina til Pål Olav Myrvågnes, som spelte sin første kamp mot gamle lagkameratar etter overgangen frå MTG i sommar.

Myrvågnes spelte ballen usjølvisk vidare til Aursnes, som fekk ein enkel jobb med å plassere inn 3-1 for Hasundgot.

Hasundgot styrte så å seie heile den første omgangen, men eit kompakt og lågtliggande lag sørgja for at Hasundgot sleit med å bryte gjennom MTG-muren.

Sjølv med ei tomålsleiing var ikkje Hasundgot nøgde med eige spel og ønskte å få opp balltempoet etter sidebytet.

Sjansane kom, men scoringane let vente på seg i 2. omgang. Omsider, halvvegs inn i omgangen, skulle det losne etter eit fantastisk forarbeid av midtstoppar Simon Spjutøy.

Forsvararen tok med seg ballen frå eigen 16-meter, avanserte om lag 60 meter og deretter slo ei nydeleg gjennombrotspasning i retning innbytar Haakon Ringstad.

Angriparen fekk dermed ein komfortabel jobb med å plassere ballen iskaldt til side for keeper. Takk for kaffen, og 4-1!

Kanskje vart TikTok-læraren Remi Vattøy inspirert av Spjutøy, for etter først å ha finta vekk tre Hasundgot-spelarar slo den høgreiste spelaren «45 grader» inn til Daniel Marcelo Ernes Rabanal Banados som enkelt kunne setje inn nok ei redusering for bortelaget.

To sjansar og to mål for gjestene, men kampens siste ord var det Hasundgot som skulle få – og det var verkeleg spektakulært.

Med om lag ti minutt igjen av kampen slo Molvær eit godt innlegg mot innbytar Vegard Sundgot, som på akrobatisk vis fekk (nesten) brassesparka ballen i mål. Ballen seilte i ein flott boge over keeper og fastsette med det sluttresultatet til 5-2. Utan tvil kampens prestasjon frå 31-åringen!

Alt i alt var det ein kamp Hasundgot hadde full kontroll over, sjølv om laget totalt sett ikkje følte dei fekk ut makspotensialet sitt.

Sigeren skaper derimot litt ekstra press på Bergsøy 2, som no har fem poeng å ta igjen – med to kampar mindre spelt. Ettersom også Sæbø tapte overraskande 2-0 mot Volda 3 kan herøyværingane snike seg forbi både Hasundgot og Sæbø om dei vinn sine fire siste kampar.

Då må dei først slå Sæbø når dei møtest til ein avgjerande duell onsdag 28. september.

Kampfakta

6. div, avd. 3
Hasundgot – MTG 5-2 (3-1)
Hasundgot stadion
Dommar: Birger Breivik, Volda TI
MÅL: 1-0 Endre Støylen (6), 2-0 Nikolai Aursnes (31), 2-1 Grefor Notøy (32), 3-1 Aursnes (40), 4-1 Haakon Ringstad (67), 4-2 Daniel Banados (75), 5-2 Vegard Sundgot (80)
Gule kort: Stig Marvin Moltu, MTG

Laget (3-5-2): Simon Skeide – Simon Haddal Spjutøy, Even Årsbog Bjåstad, Markus Skeide – Marius Hauge Muren, Stian Pedersen, Nicolai Haddal Molvær, Adrian Bergo Vattøy, Endre Aamodt Støylen – Nikolai Aursnes, Pål Olav Myrvågnes

Innbytarar: Vegard Hansen Sundgot, Bendik Ringstad Dimmen, Haakon Ringstad, Nikodemus Garshol, Nikolai Aursnes, Thomas Edvard Gjerde, Elias Ringstad Aasmo, Mats Bigset

Tabellen

Lag S P
1 Sæbø 11 26
2 Hasundgot 10 19
3 Bergsøy 2 8 14
4 Volda 3 9 8
5 MTG 10 1
* Gjerdsvika 0 0
* Vartdal 0 0