For tredje kamp på rad vant Hasundgot med stillinga 4-1.
Hausten har starta forrykande for Hasundgot, som slo avdelingsutfordrar Bergsøy 2 sist runde. Både den og kampen mot MTG før ferien hadde endt med 4-1 til Hasundgot.
Mot Volda 3 ønskte Hasundgot derfor å byggje vidare på den gode forma – og det starta med eit smell etter berre tre minutt.
Nicolai Haddal Molvær mottok ballen på rundt 20 meters hald. Etter å ha dribla seg forbi to mann fekk midtbanespelaren avslutta midt på keeper, som glapp ballen mellom seg. Ballen humpa i mål bak ein fortvila sisteskanse, men til stor glede for heimelaget. 1-0!
Leiinga skulle bli trygga til 2-0 like før halvtimen var passert på Hasundgot stadion. Heimelaget klarte å halde presset oppet etter ein dødball og Marius Muren fekk slått ei genial pasning inn mot lagkamerat Endre Støylen.
Frå om lag åtte meters hald fekk angripar ein enkel jobb med å setje ballen iskaldt ned i hjørnet.
Gjestene frå Volda skulle få eit glimt av håp til å kome tilbake i kampen då deira første sjanse for kvelden endte i mål.
Eit uheldig klareringsforsøk endte rett i beina til Voldas Mohammad Reza Abouzari, som frå om lag 30 meter vekta avslutninga si perfekt og chippa ballen over keeper og i mål.
Ei scoring litt ut av det blå for gjestene, men heldigvis skulle det ikkje bli noko meir enn ei lita ripe i lakken for ein elles god kveld for dei kvitkledde.
For Hasundgot gjekk ut i hundre etter sidebytet og skapte fleire store målsjansar. I løpet av dei første 20 minutta av den 2. omgangen var Volda knappast nok over midtstreken, og etter stort press skulle endeleg den etterlengta scoringa kome.
Stian Ristesund fekk slått ballen inn i feltet og eit lurt overhopp av Stian Pedersen gjorde at Molvær fekk både tid og rom til å sikte seg inn på målet. Avslutninga gjekk til venstre for keeper og rett i kassa, og ei fortent scoring for heimelaget.
Kampen ebba sakte og sikkert mot ein tomålssiger, men tre minutt før full tid skulle tre av innbytarane gjere seg gjeldande på ei kontring.
Noah Sundgot slo ei nydeleg bakromspasning til angripar Haakon Ringstad, som la ballen flott til rette på førstetouchet. Med GPS-en godt kalibrert fant han nøyaktig adresse til skolissene til framadstormande Nikodemus Garshol.
Frå éin meters hald fekk Garshol ein særdeles enkel jobb med å breiside inn sitt aller første mål for Hasundgot a-lag.
Det satte også eit verdig punktum på kampen og Hasundgot sikra seg samtidig sin tredje 4-1-siger på rad.
Den sjølvtillita må laget ta med seg inn mot neste kamp, for då vert det ei potensiell ligafinale når turen går til Sæbø for å bryne seg på serieleiaren.
Med siger mot Sæbø er det berre eitt poeng som skil laga, men skulle det bli tap vil det verte ei sju poengs luke med berre tre kampar igjen. Då kan førsteplass, og opprykk, sjå tøft ut
PS: Dette var også Simon Spjutøy sin 100. kamp for Hasundgot a-lag. Gratulerer!
Kampfakta
6. divisjon, avd. 3
Hasundgot – Volda III 4-1
Hasundgot stadion
Dommar: Niklas Bertil Hurlen Spets, Aalesunds FK
MÅL: 1-0 Nicolai Haddal Molvær (3), 2-0 Endre Støylen (29), 2-1 Mohammad Reza Abouzari (36), 3-1 Molvær (58), 4-1 Nikodemus Garshol (87)
Hasundgot (4-4-2): Simon Skeide – Even Bjåstad, Simon Spjutøy, Markus Skeide, Daniel Skeide – Marius Muren, Stian Ristesund, Nicolai Molvær, Adrian Vattøy – Stian Pedersen, Endre Støylen
Innbytarar: Bendik Dimmen, Haakin Ringstad, Noah Sundgot, Nikodemus Garshol, Nikolai Aursnes, Elias Aasmo