Etter ein jamn 1. omgang glapp poenga i seriefinalen.
På dei ni første seriekampane i år hadde Sæbø ikkje tapt ein einaste kamp i årets 6. divisjon. Utgangspunktet for Hasundgot var derfor klar: skulle vi ha ein sjanse på opprykk i år måtte laget kampen vinnast mot serieleiaren.
Det skulle derimot vere lettare sagt enn gjort.
Hasundgot starta kampen med å spele feiande flott fotball og skapte fleire gigantiske sjansar på Sæbø KGB. Ein solid sisteskanse i Rikard Johannes Osnes sørgja derimot for at heimelagets bur forblei reint i den 1. omgangen.
Med litt tur kunne Hasundgot ha scora både to og tre scoringar før pause, men det ville seg ikkje. Vertane på si side hadde knappast nok ein einaste målsjanse i 1. omgang.
Etter sidebytet skulle avgjersla kome og dessverre var det Hasundgot som kom til kort.
Hasundgot fekk ein corner om lag midtvegs i omgangen, men heimelaget fekk klarert ballen langt opp i banen.
Ein teljefeil gjorde at ringreven Bjørnar Holen fekk kome åleine mot keeper Heine Kulø. Sæbø-spissen var sikker i si sak og sette inn 1-0 for vertane.
Under fem minutt seinare smalt det igjen frå Sæbø, og også denne gongen var Hasundgot i det gavmilde hjørnet.
Ei feilpasning vart snappa opp og Sæbø fekk setje i gang ei farleg kontring på Hasundgot. Den sjansen tok dei raudkledde godt vare på og Emil Wollsæter Norangshol sette inn 2-0.
Resten av omgangen handla berre om å ro inn sigeren for heimelaget, som med dette resultatet ville ta eit stort seg i retning opprykk til 5. divisjon.
Ettersom Hasundgot heller ikkje klarte å finne tilbake til dei gode prestasjonane i 1. omgang ebba det heile ut i tomålstap. Det blei også realiteten då Birger Breivik bles i fløyta for siste gong for kvelden, og Hasundgot må erkjenne at det blir 6. divisjon også i 2023.
For med tre kampar igjen å spele av årets sesong er det no 10 poeng opp til Sæbø, som betyr at det matematisk sett er umogleg å ta igjen laget frå Ørsta kommune.
Det einaste laget som kan ta igjen Sæbø no er Bergsøy 2, som må vinne alle sine fire attverande kampar – i tillegg til at Sæbø må tape begge kampane dei har igjen av årets sesong.
Kampane som står igjen av årets sesong for Hasundgot sin del er mot høvesvis MTG, Bergsøy 2 og Volda 3. Fokuset framover vert derfor å sikre 2. plass på tabellen, i sterk konkurranse med Bergsøys andrelag.
Kampfakta
6. div, avd. 3
Sæbø – Hasundgot 2-0 (0-0)
Sæbø KGB
Dommar: Birger Breivik, Volda TI
Gule kort: Roar Willumsen, Daniel Aase, Sæbø
MÅL: 1-0 Bjørnar Holen (64 ), 2-0 Emil Wollsæter Norangshol (67)
Laget (4-4-2): Heine Ljones Kulø – Markus Skeide, Simon Haddal Spjutøy, Even Årsbog Bjåstad, Daniel Rokseth Skeide – Marius Hauge Muren, Nicolai Haddal Molvær, Adrian Bergo Vattøy, Stian Pedersen – Endre Aamodt Støylen, Nikolai Aursnes
Innbytarar: Bendik Ringstad Dimmen, Pål Olav Myrvågnes, Haakon Ringstad, Ruben Hauge Muren, Vegard Hansen Sundgot, Thomas Edvard Gjerde, Cato Veien
Tabellen
Lag | Kampar | Poeng | |
---|---|---|---|
1 | Sæbø | 10 | 26 |
2 | Hasundgot | 9 | 16 |
3 | Bergsøy 2 | 8 | 14 |
4 | Volda 3 | 8 | 5 |
5 | MTG | 9 | 1 |
0 * | Gjerdsvika | 0 | 0 |
0 * | Vartdal | 0 | 0 |