Hødd-Tromsdalen: gratis inngang for alle aktive

Hødd inviterer breiddeklubbane til mogleg opprykksfest med gratis inngang for aktive utøvarar!

Laurdag kjem Tromsdalen på besøk til Ulsteinvik for å spele mot Hødd i årets aller siste seriekamp.

Tromsdalen har lite anna enn ære å spele for, men med siger er Hødd garantert ein opprykksplass til neste års OBOS-liga.

Derfor ønsker Hødd all den støtta dei kan få på tribuneplass.

Vår naboklubb inviterer nærliggande breiddeklubbar velkomen til mogleg opprykksfest på Høddvoll og alle aktive utøvarar får gratis inngang til kampen!

Interessant for ditt lag?

Dersom dette kan vere noko for ditt lag, ta kontakt med lagleiar for ditt lag for å få meir informasjon om korleis du får billettar til laget.

Ta eventuelt kontakt med sportsleg leiar i Hasundgot (sport@hasundgot.no) for meir informasjon.

Det er også mogleg for ikkje-aktive (t.d. foreldre, søsken, besteforeldre, o.l.) å bli med. Prisen for desse vert 50,- per billett.

Møt opp i Hasundgot-tøy

Hødd oppmodar alle til å stille i sine klubbfargar til kampen, og bidra til å lage ei kjempegod stemning på Høddvoll.

Vi håper derfor alle som kjem på kamp om å stille i Hasundgot-tøy.

Hasundgot ønsker Hødd lykke til i opprykkskampen, og forhåpentlegvis vert dei å sjå i OBOS-ligaen 2023!