J15: seriefinale mot Ørsta 2

Storstilt siger for Hasundgot då dei sikra førsteplassen i 3. divisjon.

Onsdag var det klart for årets siste seriekamp for Hasundgot sitt J15-lag. 

Ettersom både Hasundgot og Ørsta 2 hadde vunne seks kampar og tapt berre éin gong denne hausten stod begge likt på poeng før kampen, med 18 poeng kvar.

Hasundgot hadde likevel eit forsprang med mykje betre målforskjell, så her var det om å gjere å unngå tap – så ville Hasundgot sikre sigeren i 3. divisjon.

Det var ei flott ramme rundt kampen med heile 60-70 tilskodarar på kampen, med godt oppmøte også hos bortelaget Ørsta.

Det vart ei nervøs opning på kampen, men etter eit kvarters spel losna det endeleg for Hasundgot. 

Elida Overå sette inn 1-0 for heimelaget og då fekk Hasundgot-jentene senka skuldrane, og deretter vart det enklare å få spelet til å sitje.

Målkalas

Derfrå og ut var det ingen tvil om kven som kom til å kome sigrande ut av oppgjeret, for til pause stod det heile 5-0 til vertane.

Etter pause vart det resultatmessig jamnare på Hasundgot stadion, men kampen enda til slutt 7-2 for heimelaget.

Det sikra også Hasundgot sin fjerde (av fire moglege) sigrar på heimebane denne hausten, og målforskjellen vart imponerande 51-21 fordelt på åtte kampar.

Det gjorde godt for jentene som måtte ta turen ned frå 2. divisjon i vårsesongen, og sikra førsteplass i divisjonen i haust.

Etter nedrykk i vår, var det godt å få tilbake godfølelsen å bli puljevinnara i haust å sikre opprykket igjenn.

– Jentene viser speleglede og fin utvikling. Det er givande å trene ein slik gjeng, seier trenarapparatet. 

Etter kampen vart det feiring av med både kake og «gullstæsj» som lagleiarar Monica Garshol og Lisbet Overå hadde laga til.

Gratulerer med ein flott haustsesong, jenter!

Kampfakta

J15, 3.div
Hasundgot – Ørsta II 7-2 (5-0)
Hasundgot stadion
Dommar: Nikodemus Garshol, Hasundgot IL
MÅL: 1-0 Elida Overå (16), 2-0 Overå (21), 3-0 Andrine Birkhol Djupvikvåg (24), 4-0 Emma Hageselle (25), 5-0 Hedda Myrene Vågsæter (36), 5-1 Emma Berge (42), 6-1 Rakel Bekkevang (49), 7-1 Mari Garshol (53), 7-2 Melina Lianes-Urke (60)

Hasundgot sin tropp: Emily Marie Rødseth Verting, Hedda Myrene Vågsæter, Eline Mathea Muren Bigset, Vilde Kvalsvik Frøystad, Andrine Birkhol Djupvikvåg, Emma Hageselle, Elida Overå, Julie Moldskred Veiseth, Ida Marø Vågen, Julie Haugland, Rakel Bekkevang, Mari Garshol, Linea Myrene

Tabellen

  Lag S P
1 Hasundgot 9er 8 21
2 Ørsta 2 8 18
3 SIF/Hessa 8 15
4 Emblem 9er 8 6
5 Valder/Vigra/Ellingsøy 2 9er 8 0

Bilete frå kampen