Hasundgot styrte tidvis kampen, men endte opp utan poeng.
Sjølv om Hasundgot ikkje hadde meir enn ære å spele for då Bergsøy 2 kom på besøk, var det eit stort ønske om å levere ein god prestasjon i årets siste heimekamp.
Gjestene frå Herøy stilte med eit sterkt mannskap med supplering av ei handfull spelarar frå førstelaget i troppen, men det var vertane som kom best i gang på Hasundgot stadion.
Rundt 11 minutt spelt sette Hasundgot i gang ei kontring ved Nikolai Aursnes. Ballen hamna til slutt hos Stian Pedersen, som med eit vakkert skot sette ballen lågt ned i hjørnet frå om lag 20 meters hald.
YouTube: Sjå høgdepunkt frå kampen!
Bortelaget kom derimot tilbake like før halvtimen var spelt etter å ha spelt seg gjennom midten. Daniel Arnfinnsson var iskald åleine med keeper Simon Skeide og sette kontant inn 1-1.
Like før pause hogg Hasundgot til nok ein gong, denne gongen signert bursdagsbarn Nicolai Haddal Molvær.
Hasundgot-kapteinen fekk eit hav med rom å springe i og sprang 30 meter før ballen gjekk vidare til ein framadstormande Pedersen.
Pedersen sentra tilbake til Molvær og 22-åringen tuppa ballen i mål frå dryge ti meters hald. Rett og slett eit flott angrep av heimelaget, som med det også fekk med deg leiinga inn til pause.
Saka held fram etter biletet.

For dei som har møtt på Hasundgot sine kampar denne sesongen vil nok kunne seie seg einige i at den første omgangen var årsbeste av Hasundgot, som vann det meste av duellar og til tider køyrde over Bergsøy.
Men kampen var lagt frå ferdigscora til pause.
Eitt av dei farlegaste våpena bortelaget hadde var innkast, og tidleg i 2. omgang skulle dei utnytte dette.
I etterkant av eit innkast ti minutt ut i omgangen vart det klabb og babb inne i Hasundgots målfelt. Glenn Are Nerland Elveseter fekk kasta fram ein fot og pirka inn 2-2 for gjestene.
Tre minutt seinare snudde Bergsøy kampen og tok leiinga etter at ein langpasning vart stussa i mål, også den scoringa signert Elveseter.
Vikebladet Vestposten: Surt tap i siste heimekamp (+)
Men Hasundgot ville ikkje gi seg så lett – og fekk god støtte frå Sæbø som hadde tatt turen for å heie på Hasundgot.
Alt anna enn Bergsøy-siger ville bety opprykk for Sæbø, og jubelen stod i taket då Stian Ristesund utlikna til 3-3 med om lag 17 minutt igjen å spele.
Ei magisk kontring i regi av midtbanespelaren Aursnes, der han til slutt sentra usjølvisk til Ristesund, sørgja for at sistnemnde fekk ein enkel jobb med å dundre inn utlikninga.
Etter scoringa hadde Hasundgot 2-3 verkeleg store sjansar til å ta leiinga, men det ville seg rett og slett ikkje.
Sjølv om Hasundgot leia sjansestatistikken, var det bortelaget som var kvassast framom målet.
Inne i overtida slo Bergsøy nok ei langpasning og hamna i beina til Elveseter som kunne setje inn 4-3 for gjestene. Hasundgot protesterte til dommar Dag Harald Moldskred, ettersom heimelaget hevda Bergsøy-spelaren stod soleklart i offside då han fekk ballen, men kampleiaren kunne ikkje finne noko gale i scoringa og målet stod.
Denne gongen klarte ikkje Hasundgot å svare med fleire mål. Sjølv om Hasundgot tidvis køyrde over laget frå Fosnavåg, og burde ut frå sjansestatistikken ha fått med seg minst eitt poeng, endte kampen med eit sviande tap.
Likevel må ein også ta med seg at Hasundgot leverte ein svært god kamp mot eit lag som kunne disponere spelarar som til vanleg spelar på to divisjonar over.
Det betyr at Bergsøy snik seg inn på ein 2. plass på tabellen med to kampar igjen å spele, og har framleis sjansen til å vinne årets 6. divisjon avdeling 3.
For Hasundgot sin del står det att éin kamp, og det er mot Volda 3 neste onsdag. Den vert spelt i Volda.
Kampfakta
6.divisjon, avd. 3
Hasundgot – Bergsøy II 3-4 (2-1)
Hasundgot stadion
Dommar: Dag Harald Moldskred, Hareid IL
MÅL: 1-0 Stian Pedersen (11), 1-1 Daniel Arnfinnsson (28), 2-1 Nicolai Haddal Molvær (45), 2-2 Glenn Are Nerland Elveseter (55), 2-3 Elveseter (58), 3-3 Stian Ristesund (73), 3-4 Elveseter (90)
Hasundgot (4-4-2): Simon Skeide – Marius Muren, Markus Skeide, Simon Spjutøy, Daniel Rokseth Skeide – Stian Pedersen, Nicolai Haddal Molvær, Adrian Vattøy, Stian Ristesund – Endre Støylen, Nikolai Aursnes
Innbytarar: Bendik Ringstad Dimmen, Ruben Muren, Vegard Sundgot, Elias Ringstad Aasmo