Molvær og Skeide fekk årets prisar

Herrelaget kåra årets spelarar etter 2022-sesongen.

Denne helga hadde herrelaget sin årlege avslutningsfest etter gjennomført sesong.

Det endte til slutt med ein 3.-plass i årets 6. divisjon avdeling 3, sju poeng bak avdelingsvinnar Bergsøy 2.

Som vanleg vart det under avslutningsfesten prisutdeling til spelarar som har umerka seg i løpet av sesongen.

Les også: spelarstatistikk 2022-sesongen.

Prisen for Årets toppscorar var det liten tvil om, ettersom kaptein Nicolai Molvær hadde teikna seg på scoringslista heile 19 gonger denne sesongen.

Nestemann på lista var Isak Sundgot, som no spelar for Larsnes/Gursken, med sine 15 scoringar. Endre Aamodt Støylen var tredjemann på lista med sju scoringar.

Av spelarkåringane Årets spelar og Årets nykomar var det ganske klart fleirtal for vinnarane.

Ikkje overraskande fekk Molvær prisen som årets spelar, etter å ha lagt bak seg ein sterk sesong i Hasundgot-trøya.

Av nykomarane var det stor semje om at comebacket til Markus Skeide har vore særs godt. 29-åringen vart derfor tildelt denne prisen, framom veslebror Simon som også var ein av kandidatane.

Gratulerer til alle prisvinnarane, og takk for ein vel gjennomført sesong i 2022.

Vi ser fram til å sjå gutane i aksjon igjen neste år etter ein velfortent ferie!

Årets kåringar

  • Årets toppscorar: Nicolai Haddal Molvær
  • Årets spelar: Nicolai Haddal Molvær
  • Årets nykomar: Markus Skeide