Oversikt over spelte kampar og scora mål.
Årets sesong endte til slutt med ein tredjeplass for Hasundgot sitt a-lag for herrer, bak Sæbø og serievinnar Bergsøy 2.
Det vart spelt i alt 22 kampar denne sesongen, som inkluderer både treningskampar, OBOS-cupkampar og ordinære seriekampar.
I alt vart det brukt 38 spelarar gjennom heile året, men denne sesongen var det faktisk ingen av spelarane som deltok i alle kampane.
Den som fekk flest kampar var kaptein og midtbanespelar Nicolai Haddal Molvær, som fekk totalt 20 av 22 kampar. Nicolai vart også soleklar toppscorar med 19 mål.
Adelskalenderen
I adelskalenderen var det ingen store endringar i toppen, men vi noterer oss at Mats Bigset stadig nærmar seg topp fem i klubben. Mats er no berre er to kampar unna å tangere Trygve Sundgot sine 266 kampar på femteplass, og kan spele seg inn blant topp fem komande sesong.
Elles har fleire spelarar nådd 100- og 200-kamparsmerket denne sesongen.
Ruben Muren og Joakim Rødven har begge passert 200 kampar dette kalenderåret. Ruben har også passert 50 scora mål for Hasundgot.
I tillegg har både Vegard Sundgot, Nicolai Haddal Molvær og Simon Spjutøy passert 100 kampar for herrelaget.
Nicolai er også éi scoring unna å nå 50 scoringar. Kan han vere ein mogleg utfordrar til scoringsrekorden?
Rekordhaldar Øyvind Sundgot scora totalt 111 mål på 250 kampar, som gir eit scoringssnitt på 0,444 mål per kamp. Nicolai sine 49 scoringar på 113 kampar gir eir snitt på 0,433 mål per kamp.
Held han fram med same antall scoringar som denne sesongen, så vil rekorden vere nådd allereie om 3-4 år.
Her kan du sjå oppdatert adelskalender.
Statistikk 2022-sesongen
Spelar | G/R kort | Mål | Kampar |
Nicolai Molvær | 0/0 | 19 | 20 |
Marius Muren | 0/0 | 0 | 19 |
Nikolai Aursnes | 2/0 | 4 | 18 |
Bendik Dimmen | 0/0 | 1 | 16 |
Adrian Vattøy | 1/0 | 2 | 16 |
Nikodemus Garshol | 0/0 | 1 | 14 |
Joakim Rødven | 0/0 | 0 | 14 |
Sigve Stokkevåg | 1/0 | 1 | 13 |
Cato Veien | 0/0 | 3 | 13 |
Stian Ristesund | 0/0 | 1 | 12 |
Simon Spjutøy | 1/0 | 0 | 12 |
Endre Støylen | 0/0 | 7 | 12 |
Isak Sundgot | 2/0 | 15 | 12 |
Mats Bigset | 0/0 | 1 | 11 |
Sebastian Kleven | 1/0 | 2 | 11 |
Haakon Ringstad | 0/0 | 3 | 11 |
Noah Sundgot | 0/0 | 2 | 11 |
Ruben Muren | 0/0 | 1 | 10 |
Thomas Gjerde | 1/0 | 1 | 10 |
Markus Skeide | 0/0 | 1 | 10 |
Elias Aasmo | 0/0 | 0 | 9 |
Heine Kulø | 0/0 | 0 | 9 |
Stian Pedersen | 2/0 | 2 | 9 |
Daniel Rokseth Skeide | 0/0 | 0 | 8 |
Simon Skeide | 0/0 | 0 | 6 |
Even Bjåstad | 1/0 | 0 | 6 |
Daniel Muren | 0/0 | 1 | 4 |
Pål Olav Myrvågnes | 0/0 | 0 | 4 |
Vegard Sundgot | 0/0 | 1 | 4 |
Andreas Grimstad | 0/0 | 0 | 3 |
Lars Henrik Hasund | 0/0 | 0 | 3 |
Jonas Overå | 0/0 | 3 | 2 |
John Arne Apelseth | 0/0 | 0 | 1 |
Elling Haddal Våge | 0/0 | 0 | 1 |
Kristian Sundal | 0/0 | 0 | 1 |
Håvard Fiskaa | 0/0 | 0 | 1 |
Sander Ringstad | 0/0 | 0 | 1 |
Aleksander Marø | 0/0 | 0 | 1 |