Pangstart til tross, Hasundgot gjekk på bortetap mot Volda 3.
Onsdag kveld tok Hasundgot turen til Volda for å bryne seg mot Voldas rekruttlag, i det som var årets aller siste seriekamp.
Uansett utfall av kampen ville ikkje tabellplassering endre seg for nokon av laga, så det var ikkje mykje anna som stod på spel enn å avslutte sesongen på best mogleg vis.
Og kampen starta med eit smell.
Det hadde knappast nok gått 30 sekund før Nicolai Haddal Molvær oppdaga at Volda-keeperen stod langt ute frå streken sin. Hasundgot-kapteinen prøvde lykka frå rundt 25 meters hald og bøygde ballen iskaldt over sisteskansen.
Gleda hos gjestene frå Dimnøya skulle derimot vere kortvarig.
Før halvtimen var passert hadde Birk Sætre snudd kampen for dei grønkledde. Sætre scora først etter 13 minutt etter å ha kontra Hasundgot i senk, før han la på til 2-1 med eit volleyskot frå 16 meter midtvegs i omgangen.
Simen Dalebø Kristensen sørgja for at voldingane leia 3-1 til pause. Hasundgot makta ikkje å klarere ein corner, og med eit skot frå rundt 16 meters hald sette Kkristensen inn Voldas tredje for kvelden.
Det vart jamnare etter sidebytet, men dryge 12 minutt før slutt skulle målsekken opne seg ytterlegare.
Etter det som såg ut som ein klar offside, fekk Truls Bakke Flåm ta imot ballen og skrudde den inn i lengste kryss. Sjølv om Hasundgot hevda den burde verte annullert, vart det ikkje høyrde.
To minutt seinare auka Agsrom Daniel Ghebretatyos leiinga til 5-1 etter at han tok Hasundgot på senga med ei lur avslutning. Det kunne sjå ut til at Volda-spelaren skulle slå ballen inn i feltet, men istadenfor sneik ballen seg inn bak Hasundgot-keeper Heine Ljones Kulø.
Hasundgot fekk seie siste ord i kampen inne i overtida då Nikolai Aursnes slo ein flott corner på bakerste stolpe, som Molvær fekk nikka tilbake i motsatt hjørne til 5-2.
To scoringar i denne kampen gjer at Molvær står som toppscorar i ordinær sesong i 6. divisjon avdeling 3, med sine 14 scoringar.
PS! Etter målrik kamp på Havila stadion i Fosnavåg seinare på kvelden vart det klart at Bergsøy 2 sneik seg forbi Sæbø og sikra opprykket til 5. divisjon. Herøyværingane måtte slå MTG med minst seks mål, og Bergsøy vant heile 9-0 mot naboklubben. Vi gratulerer Bergsøy med opprykket.
Kampfakta
6. divisjon, avd. 3
Volda 3 – Hasundgot 5-2 (3-1)
Sparebank 1 Bana (Volda)
Dommar: Nikolai Mork Rogne, Ørsta
MÅL: 0-1 Nicolai Molvær (1), 1-1 Birk Sætre (13), 2-1 Sætre (25), 3-1 Simen Kristensen (45), 4-1 Truls Flåm (78), 5-1 Agsrom Ghebretatyos (80), 5-2 Molvær (90)
Hasundgot (4-4-2): Heine Ljones Kulø – Marius Hauge Muren, Simon Haddal Spjutøy, Even Årsbog Bjåstad, Bendik Ringstad Dimmen – Pål Olav Myrvågnes, Nicolai Haddal Molvær, Nikolai Aursnes, Adrian Bergo Vattøy – Haakon Ringstad, Endre Aamodt Støylen
Innbytarar: Nikodemus Garshol, Elias Ringstad Aasmo, Markus Skeide
Tabellen
Lag | S | P | |
---|---|---|---|
1 | Bergsøy 2 | 12 | 26 |
2 | Sæbø | 12 | 26 |
3 | Hasundgot | 12 | 19 |
4 | Volda 3 | 12 | 14 |
5 | MTG | 12 | 1 |
0 * | Gjerdsvika | 0 | 0 |
0 * | Vartdal | 0 | 0 |