Det vart mange mål då Hasundgot J13 avslutta sesongen med festfotball.
I førre veke vart årets siste seriekamp for vårt J13-lag spelt då dei tok imot Sunnylven på Haddal stadion.
Dessverre var det lite å gjere med Aksla/Guard som toppa tabellen med full pott, men med fire måls margin kunne Hasundgot snike seg inn på ein tredjeplass med siger over Sunnylven.
Før kampen vart det ekstra stas på jentene med både innmarsj, musikk og bengalsk ild (bluss).
Ramma rundt kampen vart enda betre av at to kjekke foreldre stilte opp med å lage gratis kaffe til både heime- og bortelaget sine tilskodarar.
I kampen starta Hasundgot med eit godt press, men til tross for store sjansar og ein god keeper hos Sunnylven ville ballen ikkje i mål.
Då skjer det som ofte skjer i fotball: det vart scoring andre vegen i staden.
Sunnylven gjekk opp i leiinga til 1-0, men kort tid etter fekk Hasundgot snudd kampen til 2-1 etter scoring av Julie Haugland og Ida Marø Vågen.
Etter sidebytet fekk Sunnylven to kjappe scoringar, og kampen var på nytt snudd – denne gongen i Sunnylvens favør.
Då måtte Hasundgot opp og jage fleire scoringar, og det skulle dei jamen også få.
Julie Moldskred Veiseth sette inn kampens sjette scoring til 3-3, før Julie Haugland fullførte hattricket sitt med to scoringar til før full tid.
Kampen enda dermed 5-3 i ein spanande kamp. Det betydde at det vart ein fjerdeplass til slutt for jentene, som avslutta haustsesongen med seks sikrar, null uavgjorte og tre tap.
– Vi seier oss fornøgde med hausten! Vi tek med oss vidare at vi har utvikla pasningspelet vårt og at vi aldri gir opp, seier trenarteamet.
Mange av jentene har også fått hospitert opp på J15, som har gitt gode forhold for utvikling. Til dagleg trenar også desse saman.
Neste på programmet for jentene, før ein velfortent vinterferie, er Førde Cup 11-13. november. Vi ønsker dei lykke til med turneringa, og gratulerer dei samstundes med vel gjennomført sesong!
Kampfakta
J13, 7ar
Hasundgot – Sunnylven 5-3 (2-1)
Haddal stadion
Dommar: Emily Marie Rødseth Verting, Hasundgot IL
MÅL HIL: 1-1 Julie Haugland (36), 2-1 Ida Marø Vågen (37), 3-3 Julie Moldskred Veiseth (60), 4-3 Julie Haugland (64), 5-3 Julie Haugland (68)
Hasundgot sin tropp: Emilie Sundgot, Eline Mathea Muren Bigset, Julie Moldskred Veiseth, Ingvild Skodjevåg Sundgot, Ida Marø Vågen, Julie Haugland, Fride Stokkevåg Berg, Tuva Eikrem Moldskred, Henna Marie Tjervåg, Elise Øvrelid