Oppstartsmøte for 2016-kullet

Fotballaktivitet

Velkomen til Hasundgot klubbhus torsdag 3. november klokka 17:30.

Hasundgot er i gang med å planlegge oppstart for nytt årskull, denne gongen for 2016-kullet.

I det høvet ønsker klubben velkomen til oppstartsmøte på klubbhuset torsdag 3. november. Møtet startar klokka 17:30.

På møtet vil vi mellom orientere litt om Hasundgot som klubb, retningsliner for medlemskap, hjelp til å melde seg på trenarkurs og anna praktisk informasjon.

I tillegg vil det bli ei kartlegging av kven som ønsker å prøve seg på fotball, og også rekruttere eit godt trenarteam.

Det er sjølvsagt Inga forplikting å kome på møtet, om du berre skulle vere nysgjerrig på Hasundgot sitt tilbod.

Skulle du ha spørsmål i forkant er det berre å ta kontakt med Sportsleg leiar, Isak Sundgot, på e-post: sport@hasundgot.no.

Vel møtt til oppstartsmøte!