Årets utandørssesong vart runda av med ei kjekk samling for J13 og J15.
Torsdag 1. desember hadde Hasundgot J13 og J15 avslutning av sesongen på stadion. Der samla dei saman ein sprek gjeng med foreldre, og møtte til kamp mot jentene.
Det vart ein spanande og målrik kamp, der foreldra til slutt stakk av med sigeren 7-4. Det var likevel ingenting å utsetje på innsatsen – frå begge lag!
Etter kampen vart det servert taco inne på klubbhuset, med både ei kjekk og sosial samling.
God sesong
Begge laga har hatt ein kjempefin sesong i 2022, med mange gode resultat og flott framgang på treningsfeltet.
Mellom anna har laget delteke på Norway Cup og avslutta fotballsesongen med Førde Cup i november.
– Jentene er ein treningsvillig gjeng, og vi håper vi har med alle vidare til neste år, seier lagleiarapparatet. Før den tid er det derimot klart for deltaking i futsalsesong i vinter for J15.
Endringar
Etter mange års solid innsats som trenar, har Monica Garshol vald å takke av etter denne sesongen. Heile apparatet ønsker å takke Monica for innsaten ho har lagt ned!
Ei stor takk vert også retta mot trenarane Mats Bigset, Kristin Marø og Arnt Ivar Berg for stort engasjement for jentene. Heldigvis blir alle dei med videre i trenarapparatet neste sesong.
Redaksjonen ønsker laget masse lykke til med futsalsesongen, og oppladninga til 2023-sesongen!