Ny rekord i Grasrotandelen

Etter kalenderåret 2022 har Hasundgot fått rekordhøg sum frå Norsk Tipping.

Sidan 2009 har Norsk Tipping gitt tilbake til både kulturliv og idrett gjennom Grasrotandelen.

Hasundgot har vore med på denne ordninga sidan starten og har dei siste 13 åra fått nærmare 900.000 kroner frå idrettslaget sine mange grasrotgivarar.

I løpet av 2022 fekk Hasundgot i alt 111.136,45 kroner av totalt 256 givarar. Dette er ny rekord for idrettslaget vårt.

Den førre bestenoteringa var i 2019, då 241 givarar samla sett bidrog med 96.544,30 kroner.

Hasundgot IL ønsker å takke alle som har ført opp idrettslaget vårt som mottakar av grasrotandel, og samtidig minne alle på å tippe forsvarleg.

Ikkje tipp over – følg Norsk Tippings spelevett!

Grasrotstatistikk