Informasjon om årets kontingentar i Hasundgot IL.
I samband med ein ny sesong, ønsker vi å dele informasjon om kontingentar i idrettslaget dette kalenderåret.
Som vanleg er det to kontingentar i idrettslaget:
- Medlemskontingent – for alle medlemmer i Hasundgot
- Treningskontingent – berre for aktive utøvarar
Medlemskontingent
Kontingent for enkeltmedlem vert dette året på kr 400,- per medlem.
Dersom du har familiemedlemskap, vert totalprisen for heile familien kr 800,- (maks 16 medlemmer per familie). Dette vil derfor løne seg for husstandar med fleire enn to medlemmer.
Det er også mogleg å vere støttemedlem. Hasundgot IL får tilskot frå myndigheitene ut frå medlemsantall. Vi håper derfor at så mange som mogleg ønsker å melde seg inn i idrettslaget.
Du kan enkelt melde deg, etter eit familiemedlem under 15 år, inn i Hasundgot IL via vår medlemsportal. Ta kontakt med sportsleg leiar om du ønsker å legge til øvrig familie over 15 år, som t.d. søsken, partnar/ektefelle eller foreldre.
Medlemskontingenten vert sendt ut per e-post i månadsskiftet januar/februar – og fortløpande ved nye innmeldingar.
Treningskontingent
Dersom du, eller barnet ditt, er aktiv utøvar i Hasundgot skal treningskontingent betalast. Dette kjem i tillegg til medlemskontingent.
Treningskontingenten vil vere avhengig av alder. Per 2023 er satsen for treningskontingent som følgjer:
- 0-6 år: 0,-
- 7-10 år: 700,-
- 11-16 år: 900,-
- 17 år og eldre: 2.000,-
Treningsavgifta vert sendt ut på e-post i forkant av sesongstart (rundt mars/april).
Alternativ betalingsplan og stipendavtale
I Hasundgot ønsker vi at alle skal ha like moglegheiter til å delta i vårt aktivitetstilbod.
Barn i hushald eller familiar med trong økonomi skal også få like moglegheiter til å delta. Har du utfordring med å betale medlems- og treningskontingenten ønsker Hasundgot IL å hjelpe så langt som råd.
Ta kontakt med sportsleg leiar for meir informasjon om betalings- og stipendavtalar.