Trenarkabalen på A-lag herrer er i boks.
Duoen Per Gustavsen og Øystein muren held fra som trenarar for Hasundgot sitt a-lag herre også i 2023.
Dei to trenarane har heldt i trenarvervet sidan 2018, og kjenner seg framleis motiverte til å leie laget opp frå 6. divisjon komande sesong.
I 2022 såg det lenge spanande ut i kampen om opprykk, men til slutt rykka både Sæbø og Bergsøy 2 ifrå.
Etter ferdigspelt sesong var det Herøyværingane som tok avdelingssigeren og sikra dermed opprykk til 5. divisjon.
Nye sjansar til opprykk kjem derimot i år, og det skal bli spanande å sjå kva for lag som melder seg på til årets sesong når påmeldingsfristen går ut 25. januar.
Vi ønsker både trenarar og spelarar lykke til med den komande sesongen!