Mange påmelde då Hasundgot arrangerte klubbdommarkurs i helga.
Laurdag 21. januar gjennomførte Hasundgot IL, med god hjelp frå kurshaldar Tove Marie Tandstad frå Sunnmøre Fotballkrets, dommarkurs for unge og lovande dommarspirer.
I alt var det 24 påmelde, derav 18 jenter. Laga som var representerte var J13, J15 og G14. Av dei påmelde var også tre føresette, som er kjempeflott!
Kurset varte i om lag tre timar, der det var gjennomgang av pensum for å bli godkjent som klubbdommar – som betyr at ein kan dømme kampar for dei yngre årsklassene i Hasundgot IL.
Avslutningsvis vart kurset runda av med ein Kahoot-quiz, der duoen Eline M og Emilie stakk av med sigeren.
– Vil rette ei stor takk til Lisbet som ordna frukt og drikke, og til Eline M og Nora W som hadde varta opp med ferske bollar. Takk for alle som deltok, seier dommaransvarleg i Hasundgot, Dagfinn Berg Tjervåg.
Fordelt på klubbdommarar, rekrutteringsdommarar og kretsdommarar har Hasundgot no 23 aktive dommarar i klubben. Det lovar godt for vidare rekruttering av dommarspirer i Hasundgot.