Futsal: To lag i regionsfinalene

Hasundgot har med to lag i helgas regionsfiale i futsal.

Ettersom ingen andre lag melde seg på kretsvis futsal-KM på Sunnmøre i vinter, vart Hasundgot direktekvalifisert til regionsfinalen.

Desse kampane skal spelast i Ladehallen i Trondheim helga 4-5. februar.

Dei to beste laga frå kvar gruppe går vidare til sluttspelet i Norgescupen, som skal spelast 10-12. mars.

Hasundgot 1 skal møte Frei, Kattem og Utleira, medan Hasundgot 2 skal spele mot NTNUI, Surnadal og Trond.

Her kan du sjå kampoppsettet til Hasundgot 1.

Her kan du sjå kampoppsettet til Hasundgot 2.

Vi ønsker begge lag masse lykke til med kampane sine i helga!

Gruppe A

Lag S P
1 Utleira 3 9
2 Kattem 3 6
3 Frei 3 3
4 Hasundgot 3 0

Gruppe B

Lag S P
1 NTNUI 3 9
2 Trond 3 6
3 Surnadal 3 3
4 Hasundgot 2 3 0