Hasundgot IL og grunneigarar har inngått intensjonsavtale om kjøp av tomt.
Idrettslaget jobbar stadig med det spanande prosjektet om sportshall ved idrettsanlegget i Gjerdsbakkane.
Tidlegare denne veka vart det gjort eit stort gjennombrotet i prosjeketet.
Idrettslaget og grunneigarar vart samde om ein intensjonsavtale om kjøp av grunn for å plassere ein framtidig hall.
Vår samarbeidspartnar Sporstøl arkitekter har derfor starta ein reguleringsprosess, som vil ta om lag eitt års tid.
Det er likevel viktig å presisere at idrettslaget framleis ventar på ei avgjerd rundt ny barnehage i krinsen, som kan vere avgjerande for vidare framdrift for å realisere ein sportshall på Hasundgot.
Dette skal mellom anna opp som sak i kommunestyret torsdag 23. mars.

Orientering på årsmøtet
På grunn av auka råvareprisar og rentekostnadar har det vore meir komplisert å ro sportshallprosjektet i hamn, men idrettslaget gir full gass for å prøve å få våre medlemmer og bygda den aktivitetsgleda den fortener.
Vidare framover det komande året vil Hasundgot IL jobbe aktivt for å syte for finansiering av sportshallen – mellom anna eit mogleg sal av klubbhuset til kommunen.
Vi oppmodar alle medlemmer, og andre som er nysgjerrige, om å møte opp på idrettslaget sitt årsmøte 15. mars for ein fullstendig gjennomgang av prosjektet.
Teikningar av sportshall
