Herrelaget vant Søre Cup

Gode resultat under årets Søre Cup i Ulsteinhallen.

Den årelange tradisjonen med deltaking på Søre Cup vart også gjort i år, og denne gongen deltok Hasundgot med både to herrelag og eitt damelag.

Damene gjorde ein strålande innsats, men tapte dessverre knipent i bronsefinalen.

På herresida gjekk Hasungot 2 ut av turneringa i kvartfinalen, men Hasundgot 1 gjekk heilt til topps. I finalen vart Hareid 1 slått 1-0 på Golden Goal.

Even Bjåstad sette inn den avgjerande scoringa for Hasundgot.

Det var også gledeleg at Hasundgots Isak Sundgot vart toppscorar i turneringa, med 10 scoringar.

Vi gratulerer alle laga med gode resultat!

Bilete frå turneringa

Denne bildekrusellen krever javaskript.