Dei neste fem åra blir Hasundgot ein del av Puma-familien.
Sidan 2018 har Hasundgot hatt eit samarbeid med den italienske utstyrsleverandøren Macron. Denne avtalen gjekk ut ved nyttår.
Dei neste fem åra har Hasundgot vald å byte til ein ny leverandør: nemleg Puma.
Mats Berg, Teamsales Manager i Puma, seier han ser fram til å jobbe med klubben vår i åra framover.
– Vi i Puma er stolt over å få samarbeide med Hasundgot IL i dei neste 5 åra. Hasundgot IL er ein veldriven klubb som strekkjer seg for å ta vare på alle, og har veldig mange av dei elementa vi ser etter i en samarbeidsklubb. Klubben har mange spanande prosjekt på gang, med mellom anna satsing på jente-/kvinnesida og arbeidet med ein sportshall, som vil gi nærområdet eit stort løft.
– Vi er veldig fornøgd med å kunne ønske Hasundgot IL velkommen til Puma-familien og gler oss til å følgje dei i åra som kjem, seier Berg.
Hasundgot ønsker å takke Macron for samarbeidet, og ser samtidig fram til ein ny spanande periode med Puma som utstyrsleverandør for idrettslaget.
Meir informasjon om kva dette betyr for våre medlemmer vil kome etter kvart.
Dersom du har spørsmål om byte av utstyrsleverandør, ta kontakt med oss ved styreleiar Eirik Lorentzen eller sportsleg leiar Mats Bigset.