Henta opp 0-3 til 3-3

Årets andre treningskamp i til dels ufyseleg vær og vanskelege speleforhold.

Oppkøyringa til årets sesong er godt i gang for herrelaget. I vinterens andre treningskamp bryna Hasundgot seg på det nye laget Sande – eit nytt lag frå Sande kommune.

Sande tok leiinga midtvegs i første omgang, etter at Hasundgot mislykkast i å spele seg ut bakfrå. Det vart derfor ein enkel jobb for Sande sin angripar å setje ballen inn frå om lag fem meters hald.

Leiinga vart dobla for Sande då Hasundgot hadde sendt mange spelarar framover i banen. Sande vant ballen tilbake og kontra lynraskt på Hasundgot. Med ein flott volley sette heimelaget inn 2-0 like før pause.

Sjølv om Hasundgot var fullt på høgde med Sande, og burde ha scora mål, gjekk vertane til pause med ei tomålsleiing.

Den leiinga auka dei til 3-0 rundt timen passert, etter nok eit forsøk på å spele seg ut bakfrå. Ei upresis levering straffa seg hardt, og Sande noterte seg for nok ei enkel scoring.

Då tok Hasundgot seg sjølve i nakken, og begynte opphentinga. Sande fekk så vidt kome over midtstreken.

Med om lag 20 minutt igjen å spele reduserte Hasundgot til 3-1. Etter eit langt og godt angrep, med mange kombinasjonar rundt 16-meteren til Sande, pirka Nicolai Haddal Molvær ballen vidare til Stian Ristesund.

Sistnevnte rappa til med ei god avslutning like utanfor 16-meteren og sette ballen sikkert i mål.

Ti minutt seinare minska Hasundgot leiinga ytterlegare. Eit knallgodt angrep av Hasundgot, etter at vi kontra Sande i senk, reduserte Hasundgot stillinga til 3-2. Etter eit godt press av Isak Sundgot, som har re-signert for Hasundgot i vinter, fekk han moglegheita åleine mot keeper.

Spissen gjorde ingen feil – runda av keeper på utsøkt vis og sette ballen i det opne målet.

Fem minutt før full tid var snuoperasjonen i hamn då Sundgot sette inn sitt andre mål i kampen. Etter eit høgt press kom ettermiddagens vakraste angrep. Ein flott ball opp frå forsvaret trefte ein feilvendt Ristesund, som elegant brystar ballen ned på en touch til Molvær. Midtbanespelaren ser Sundgot på eit godt løp og trer spelar ballen sikkert vidare.

Sundgot er skker som banken og bankar ballen inn i det høgre hjørnet.

Dermed vart det 3-3 etter ein forrykande god siste halvtime. Alt i alt var det ein godkjent kamp av Hasundgot.

Neste kamp ut for Hasundgot sin del er Emblem 2 på heimebane i Vintercupen.

Hasundgot (4-4-2): Mats Bigset – Marius Muren, Markus Skeide, Simon Spjutøy, Bendik Dimmen – Pål Olav Myrvågnes, Adrian Vattøy, Nicolai Molvær, Stian Ristesund – Isak Sundgot, Nikolai Aursnes

Innbytarar: Victor Holstad, Nikodemus Garshol, Noah Sundgot, Even Bjåstad, Heine Kulø, Haakon Ringstad