Hevda seg, men tapte til slutt

Laurdag var det duka for finale i vintercupen.

Etter å ha slått Sæbø i semifinalen i vintercupen, skulle Hasundgot Bryne seg mot 4.-divisjonslaget Herd.

Vi vart oppfordra til å lage ei fin ramme rundt kampen, med både innmarsj med bluss, ballhentarar, dommertrio, musikk og speaker.

I tillegg vart det kåring av Hasundgots beste spelar.

Vikebladet: Yppa seg mot Herd

Vi starta kampen med to straffespark, ettersom reglementet i vintercupen tilseier at det skal bli gitt éi straffe per divisjon forskjell det er på laga.

Isak Sundgot starta kampen med å skute første straffespark i stolpen og ut, men den andre straffa sette han sikkert i buret.

Dermed leia Hasundgot 1-0 frå starta, og gjekk ut i ein kompakt 5-3-1-1-formasjon for å tette igjen bakover.

Heimelaget var fullt på høgde dei første 20 minutta. Vi stod godt imot utover omgongen, var konsentrerte og jobba hardt for kvarandre.

Leiinga heldt til pause, og det var ei semje i laget at vi skulle gå ut å fortsette i same stil som i 1. omgang.

Det vart forsøkt å ta ned tempo, ligge strukturert i formasjonen og utnytte romma bak Herd-forsvaret.

Bortelaget skulle derimot få hol på byllen til slutt.

Eit knallskudd frå distanse av Erlend Fjeldstad i det 57. speleminuttet vart starten på ein snuoperasjon for gjestene.

Oppgåva vart ikkje lettare då Even Bjåstad fekk direkte raud, etter å ha felt ein spelar som bakerste mann 20 minutt før full tid.

Herd gassa på og stoppa ikkje før det stod 1-6 på resultattavla.

Uansett tap vart det god lærdom å ta med seg inn til seriestart mot Sæbø førstkomande onsdag.

Sparebanken Møres bestemannspris: Adrian Bergo Vattøy.

Tilskuertall ca 90 stk.

Også stor takk til Lars Breivik som tok på seg speakerjobben! 👏