Vintercupen: klare for finale

Hasundgot er klare for finale å årets Vintercup etter seier over Sæbø.

Denne vinteren har Hasundgot delteke i den årlege vintercupen, også kjent som OBOS Cup tidlegare.

I førre veke møttes Hasundgot og Sæbø til ei spanande semifinale i turneringa.

Hasundgot tok leiinga etter halvspelt 1. omgang, etter at heimelaget hadde dominert opninga på Hasundgot stadion. Ruben Muren slo ei nydeleg gjennombrotspasning til Isak Sundgot, som var iskald framom målet.

Både keeper og to forsvarar vart finta på rompa, før spissen elegant sette ballen i det opne buret.

Ei fortent leiing til Hasundgot, som hadde full kontroll på kampen til pause.

Etter sidebytet starta Sæbø omgangen friskt og noterte seg ei utlikning 10 minutt etter sidebyte, etter å ha starta omgangen med å lempe lange ballar opp mot Hasundgot-forsvaret.

Til slutt må forsvarane gi tapt. Etter å ha vunne ein duell hamna ballen i beina til Ottar Erik Rønnekleiv, som kontrollert sette andreballen i mål frå om lag 10 meters hald.

Sæbø snudde kampen fem minutt seinare. Eit frispark vart først stoppa av ei fin redning av keeper Simon Skeide, men ballen hamna i beina på Marius Riise som sette returen i mål til 1-2.

Då måtte Hasundgot opp og jage scoring, noko kaptein Nicolai Haddal Molvær skulle ta ansvar for.

Hasundgot trykte på og fekk i det 73. speleminuttet eit frispark like utanfor målfeltet til Sæbø. Molvær såg ei luke i det nærmaste hjørnet og sendte ballen lavt i mål. Ballen gjekk forbi keeper og laga var igjen like langt.

Sluttminutta var prega av høg temperatur og kampen bølgja fram og tilbake. Like før kampen ebba ut i ekstraomgangar, sette Marius Muren på turboen – tre minutt på overtid.

Muren sprang frå Sæbø-forsvararen, slo eit millimeterpresist innlegg til Cato Veien som har rive seg fri frå markeringa. Med ein lekker volley plasserte han ballen heilt oppe i det venstre hjørnet – heilt utanfor keepers rekkevidde.

Hasundgot heldt unna dei siste minutta og kjempa i land ein finaleplass i vintercupen. I finalen ventar vinnaren av Herd – Rollon, , som skal spelast ferdig tysdag 4. april.

Både Rollon og Herd spelar i 4. divisjon, som er to divisjonar over Hasundgot. Ifølgje vintercupreglementet betyr det at Hasundgot skal starte kampen med to straffespark. Hasundgot får også heimekamp i finalen.

Hasundgots lag: Simon Skeide – Heine Ljones Kulø, Bendik Ringstad Dimmen, Simon Haddal Spjutøy, Even Årsbog Bjåstad – Nicolai Haddal Molvær, Isak Sundgot, Adrian Bergo Vattøy, Marius Hauge Muren – Endre Aamodt Støylen, Ruben Hauge Muren

Innbytarar: Nikolai Aursnes, Nikodemus Garshol, Noah Sundgot, Mats Bigset, Cato Veien, Sondre Aurdal Breyholtz