Seniorlaga til Hasundgot har fått ein god start på sesongen så langt.
Den 19. april starta sesongen for Hasundgots herre- og damelag. I år stiller Hasundgot lag i både 11ar herre, 7ar herre og – for første gong på mange år – 11ar damer (sjølv om lager er påmeld som 9ar-lag).
Først ut var herrelaget i 6. divisjon, som møtte Sæbø på bortebane. Laga møttest også nyleg i vintercupen, der Hasundgot trakk det lengste strået.
I serien vart det derimot ei anna historie, og Sæbø fekk revansje etter siger 3-2. Sebastian Moldskred Kleven scora begge måla for Hasundgot, med det var dessverre ikkje nok til å kapre tre poeng i opningskampen.
Hasundgot fekk sin revansje mot Åmdal, leia av kjenningen Vegard Heltne, veka etter. På heimebane sørgja Nicolai Haddal Molvær for at Hasundgot tok leiinga tidleg i kampen, før Heine Ljones Kulø dobla leiinga midtvegs i 2. omgang.
Eit sjølvmål av Åmdal-spelar Oliver Myrvang Aambø sende Hasundgot opp i 3-0, før bortelagets Stian Folkedal teikna seg på scoringslista for å fastsette resultatet til 3-1.
Herrelaget skulle også spele kamp mot Volda 3 onsdag 3. mai, men kampen vart utsett.
Full pott for damene
For damelaget har det vore god poengfangst hittil i sesongen. I opningskampen – og comebackkampen i 11ar-serien – vart det ein storsiger mot Skodje på bortebane.
Fire mål av Emilie Bjørdal Hasund, tre mål av Elida Overå og eitt mål av Margit Jøsok sørgja for at Hasundgot tok ein imponerande 8-2-siger på Skodje Kunstgras.
Den gode forma tok Hasundgot med seg inn i sesongens første heimekamp, mot Bergsøy, som endte med siger 3-1. Også her noterte Hasund seg for to scoringar, i tillegg til at Andrea Skaar Berg skreiv seg på scoringslista.
Ny bortekamp ventar i dag, torsdag, når turen går til «nye» Volda kommune og Hornindal stadion.
Målrikt i 7ar-serien
Som i fjor haust stiller også Hasundgot lag i 7ar-serien for herrer. Laget har hittil spelt éin kamp denne sesongen, borte mot Folkestad/Volda.
I returen til Hasundgot scora Tore Romestrand to mål før halvtimen var passert, før Isak Sundgot auka leiinga til 4-0 med ytterlegare to scoringar.
Sundgot skåra i alt fire mål, i tillegg til at veslebror Noah også scora for Hasundgot. Haakon Ringstad scora Hasundgots åttande og siste scoring, i ein kamp Hasundgot vann 8-3 til slutt.
Neste kamp for Hasundgot 7ar er tysdag 9. mai mot Sæbø. Kanskje det då ligg an til ein revansje frå 1. laget?