Fredags kveld tok Volda 3 imot Hasundgot til kamp på Volda stadion, dette var ein utsatt kamp frå runde 3. det knytta seg stor spenning til klubbens siste signering inn Johannes Sundgot, men det var veslebror Isak som stjal showet.
Hasundgot var enige om å starte litt forsiktig i påvente på kva som venta dei på motsatte banehalvdel, kanskje vart det litt feil fokus i starten då Isak var uheldig å gav frå seg ballen som førte til ei Volda kontring som laget tok vare på å satte inn 1-0 etter bere 3 minutt. Men kanskje var dette ein vekkar for Sundgot som etter 20 minutt hadde notert seg for 2 skoringar å kampen var snudd.
Hasundgot skrudde av litt brytaren etter snuopperasjonen å slapp Volda inn i kampen igjenn, og Volda utliknar etter 30 min.. dette tende igjenn gnisten i Sundgot som like gjerne sendte bortelaget i føringa 2-3 i det 42 speleminutt, dette haldt seg til pause.
2 omg starta litt rotete å ikkje uventa i ein slik kamp utlikna Volda til 3-3 etter 56 minutt. å kva skjer med Hasundgot etter dette, jo ein Sundgot som bestemmer seg men denne gang ved storebror Johannes 3-4!. pulsen på trenarbenken hadde knapt gitt seg da Volda nokk en gong utlikna til 4-4 etter 64 minutt, etter dette blir det ikkje uventa fryktelig nervøst å rotete spel frå begge lag, men kampen hadde enda et mål i seg, Hasundgot skorar sitt 5 mål for kvelden etter 80 minutt, tipp målskorar en gong, Isak Sundgot sett sitt 4 mål for kvelden! i tillegg til å pådra seg gult kort etter 88 minutt så er det ingen tvil om at det var ordet Sundgot som prega denne kampen.
Hasundgot vinn ein rar fotballkamp å tek med seg 3 livsviktige poeng for å henge med i toppen. Neste kamp er heime mot nabo Haddal Onsdag 24.05