Slo Ålesund-studentane

Ny storsiger i kampen om opprykk til 5. divisjon.

Etter å ha valsa over Harøy førre veke, var det ein av dei antatt største opprykkskandidatane NTNUIÅ som tok turen til Hasundgot Stadion.

Dei slo Vartdal borte i første match, og det var tydeleg både på førehand og undervegs at dette var ein viktig kamp for begge lag.

I starten bølgja kampen fram og tilbake utan at nokon av laga klarte å kome til dei heilt store sjansane. Etter vel 10 minutt fekk Hasundgot eit frispark ca. 30 meter frå målet til NTNUIÅ. Med eit lågt, knallhardt skot sendte Nicolai Haddal Molvær ballen lavt i næraste hjørnet. 1-0!

Etter målet fortsatte Hasundgot å dominere kampen, og bortelaget sleit med å takle det høge presset frå Hasundgot. Kort tid etter 1-0 målet skaut Sebastian Kleven eit knallhardt skot som keeper måtte gi retur på. På riktig plass på returen var ingen ringare enn Isak Sundgot, som la på til 2-0.

Det skulle ikkje gå lang tid før det tredje målet kom, og igjen var det Isak Sundgot. Det er farleg å gi denne mannen rom til å skyte, og frå 20m skaut han knallhardt i det næraste hjørnet. 3-0! Ein fantastisk start frå Hasundgot. Dette resultatet stod seg heilt inn til pause.

Etter kvilen gjorde NTNUIÅ eit lite forsøk på å skape litt trøbbel for Martin Løset i Hasundgot-målet, men eit bunnsolid kollektiv gjorde det umogleg for dei å skape noko som helst. I staden skulle Hasundgot fortsetje å herje framover. Nysigneringa Peter Daniel Baade var eit stadig uromoment for bortelaget, og etter rundt 60 minutt spel skulle han verkeleg vise seg fram; han oppfatta at keeper stod langt ute, og frå nærmare 40m lobba han ballen i mål. Praktskoring!

Etter dette målet verka det som lufta gjekk ut av studentlaget frå Ålesund, og kampen utvikla seg til å bli relativt hard med mange stygge taklingar. Sjølv om korta flagra frå dommar Amin Belmachi, så var Hasundgot svoltne på meir mål. Kaptein Molvær sprong frå to forsvararar ute på høgrekanten, før han la inn foran mål. Innlegget gjekk via ein av bortelaget sine spelarar og i det lengste hjørnet. 5-0!

Peter Daniel Baade hadde verkeleg fått smaken på mål, og like før slutt skulle han skore sitt andre mål. Ei flott pasning frå Stian Ristesund i bakrom gjorde at Baade kunne springe frå forsvaret og kontant sette inn 6-0. 

Like etterpå bles dommaren av kampen, og Hasundgot tek ein velfortent kalassiger mot studentlaget frå Ålesund. 17-1 i målforskjell på to kampar let seg høyre, men allereie neste onsdagfår dei ein knallhard test borte mot Vartdal.