Harøy var første hinder for Hasundgot i forsøket på å rykke opp til 5. divisjon.
Nytt av året er at dei to beste laga frå dei tre 6. divisjonsavdelinga møtes til eit sluttspel, der dei to øvste plassane rykkjer direkte opp til 5. divisjon. Dei andre laga i divisjonen er Sæbø, NTNUI, HaNo, og Vartdal.
Hasundgot gjekk ut i hundre og tok tidleg kommandoen i kampen. Allereie etter 8.min slo Sebastian Kleven ei utruleg intelligent pasning gjennom til vår storskorar Isak Sundgot, som kom åleine med keeper. Utfallet blei slik det har blitt heile 23 gongar dei siste seks kampane; MÅL.
Hasundgot fortsatte å trykke motstandaren lave, og etter 27 minutt kom 2-0. Even Bjåstad kasta langt, og inne i boksa fekk Nicolai Molvær vippa ballen over forsvararen og satt den rolig i mål.Berre minuttet etterpå var det midtbanemakker Adrian Vattøy sin tur, og med eit knallhardt skot frå 20m dunka han inn ei velfortent 3-0 leiing.
Rett før pausesignalet gjekk vann Adrian ballen for n’te gong høgt i bana, sendte den vidare til Isak Sundgot som dunka den i nærmaste, og vi tok med oss ei 4-0 leiing til pause. Ein meget god omgong av Hasundgot som totaldominerte, og vi bommar ikkje grovt når vi seier at Hasundgot hadde ballen 90% av tida.
I andre omgong fortsatte Hasundgot dominansen, og det skulle berre gå 7 minutt før Stian Ristesund sendte avgårde ei kanonkule etter at ein Hasundgot-corner vart klarert. Ballen suste i det lengste hjørnet, og Hasundgot leda no 5-0. Kanskje overraskande nok, men det tok heile 58 minutt før Isak Sundgot fekk fullbyrda hattricket sitt. Etter gode kombinasjonar med Adrian Vattøy fekk han tid og rom til å dunke inn sitt tredje, og Hasundgot sitt sjette.
Like etterpå fekk Harøy eit straffespark etter ein hands i Hasundgot-feltet på ein dødball. Spydspiss Stian Harnes satte den i motsatte hjørne av debutant Martin Løset, som hadde ein god kamp til tross for svært lite å gjer. Han viste med sine gode igongsetjingar og evne til å kommunisere med dei foran seg at han blir ein viktig mann for Hasundgot i haust!
Til tross for reduseringa, fortsatte Hasundgot å male på og den siste drøye halvtimen skulle heimelaget verkeleg knyte på seg danseskoa og underhalde vårt trufaste publikum. Med mange flotte angrep fekk vi produsert heile fem mål før dommaren blåste av kampen. Endre Støylen var tilbake med eit smell og noterte seg for eit mål, i tillegg til at Nicolai Molvær fekk satt to nye mål og fullbyrda sitt hattrick. Isak Sundgot la på to nye mål, der han på det eine passerte 5-6 Harøy-spelarar før han satte den i lengste hjørnet.
Kampen endte til slutt 11-1 i favør Hasundgot, som med det fekk ein meget god start på sluttspelet. Vi takkar Harøy for kampen, og ønskjer dei lukke til vidare. Vi gratulerer samstundes Martin Løset og Peter Daniel Baade med to meget solide debutar, og takkar vårt kjære publikum som stiller opp! Neste kamp går heime mot NTNU onsdag, 23.08 kl 19.