Eitt poeng mot Vartdal

Onsdags kveld tok Hasundgot turen til Vartdal for 3.runde i A-sluttspelet i 6. divisjon.

Etter to klare sigrar mot Harøy og NTNUIÅ, merka vi tidleg at dette skulle verte ein vanskelegare kamp. Sjølv om Hasundgot produserte ein vanvittig trippelsjanse etter 1 min, var det Vartdal som skulle ta første stikk. Ei gjennombrotspasning frå midtbana sendte ein Vartdal-spelar åleine med Martin Løset og skora sikkert. Ein blytung start for Hasundgot.

Etter skoringa la Vartdal seg bakpå og lot Hasundgot styre banespelet, medan dei satsa på hurtige kontringar. Første halvdel av omgangen vart ikkje det skapt dei store sjansane, men etter kvart fekk Hasundgot prov på at med høgt balltempo og mykje bevegelse så vart det rom i Vartdal-forsvaret.

Og når kollektivet slit med å bryte ned eit forsvar, er det godt å ha enkeltspelarar som kan gjere ting på eige hand. Isak Sundgot mottok ballen heilt ute på venstrekanten, dribla forbi tre mann og satte ballen i mål frå nærast «død» vinkel. Ei praktskoring!

Resultatet stod seg til pause, og det var verkeleg eit heilt anna Hasundgot-lag som kom ut etter pause. Det var tydeleg at Vartdal sleit når Hasundgot sette opp tempo, og etter ei god gjenvinning på eigen banehalvdel var det auto-strada framover.

Ball til Isak Sundgot i mellomrommet, som såg spissmakker Peter Daniel Baade på eit godt løp i bakrom. Han var sikker som banken og 2-1.

I denne perioda trykte vi Vartdal bakover, og ein kombinasjon av uflaks og udyktigheit gjer at vi ikkje klare å drepe kampen.

Då skjer gjerne det som ofte skjer når ein ikkje set sjansane. Dynamikken i kampen endra seg etter kvart, og eit ballsikkert Vartdal-lag begynte å ta meir og meir over.

Hasundgot verka å ha god kontroll, og skapte også mange store sjansar på kontringar i sluttminutta, utan utteljing.

Etter 86 minutt skjedde det som absolutt ikkje skulle skje. Etter fleire dårlege forsøk på å klarere ballen, sprett ballen Vartdal sin veg inne i Hasundgot sin 16-meter. På nokså teatralsk vis går ein Vartdal-spelar overende, og dommaren dømmer straffespark.

Sjølv om Løset går riktig veg, så er straffa såpass god at den fyk inn i det venstre hjørne.

Eit tydeleg skuffa Hasundgot-lag trykkjer Vartdal bakover i bana igjen, og produserer fleire nesten-sjansar.

Ballen vil derimot ikkje i mål, og vi må ta til takke med 1 poeng mot eit godt Vartdal-lag som kriga oss til dels ut av rytma.

Vi takkar Vartdal for kampen, og ser fram mot ein ny heimekamp allereie førstkomande søndag klokka 14.00.

Då tek vi i mot HaNo til toppkamp, og håpar mange vil ta turen og heie oss fram mot nye poeng!