Skaffa seg luke i kvalifiseringa

Hasundgot var ute etter å revansjere det bitre poengtapet borte mot Vartdal førre veke når dei tok i mot HaNo til toppkamp på Hasundgot Stadion. Bortelaget stod med to sigrar på tre moglege, og Hasundgot-gutane var førebudde på ein tøff kamp.

Og tøff kamp skulle vi få. HaNo gjekk ut i hundre og skapte ein 100% sjanse allereie etter fem minutt, før dei eit par minutt seinare fekk tildelt eit straffespark. Heldigvis for Hasundgot sin del har dei ringreven Martin Løset i buret, som redda straffa og sørgja for at Hasundgot ikkje slapp inn tidleg for andre kamp på rad.

Dette var ein oppvekkjar for Hasundgot, som begynte å produsere meir framover. Etter 18 minutt fann Nicolai Vik namnebror Nicolai Molvær rett utanfor 16m. Han fyrte av eit skot som keeper måtte gi ein retur på. Der dukka målsniken Isak Sundgot opp og sendte Hasundgot i leiinga.

Hasundgot fortsatte å produsere store sjansar, men det var dessverre ei hending med negativt forteikn som skulle oppstod like før pause. I sedvanleg driv fossa Sebastian Kleven framover mot målet, før han vart takla knallhardt. Han landa forkjært på skuldra og vart sendt til røntgen for vidare undersøkingar. Vi kryssar fingrane for at det går bra og ønskjer han god betring!

I eit pøsande regnvær skulle heldigvis Hasundgot varte opp med vakre mål også i 2.omgong. Allereie 3 minutt etter kvilen fekk Hasundgot tildelt eit frispark langt frå HaNo-målet. Markus Skeide slo den knallhardt langs bakken til venstreback Even Bjåstad som fekk draumetreff frå 20m. Ballen fauk i nettet, 2-0!

Etter målet gjekk lufta litt ut av HaNo, og Hasundgot hadde full kontroll. Framover i bana var det to søskenbarn som verkeleg skulle finne tonen. Etter 57 minutt kontra Hasundgot hurtig på venstrekanten. Isak Sundgot utfordra ein forsvarar før han usjølvisk la inn foran mål til Tomas Mork. I hans andre kamp for Hasundgot var han sikker som banken og dundra inn 3-0.

4-0 var bortimot ein identisk kopi av 3-0-målet. Gjenvinning høgt i bana, hurtig i kontra mot Sundgot som serverar Mork på blank kasse. 4-0!

Med det innkasserar Hasundgot 3 velfortjente poeng, og har no ei luke på 4p ned til andreplassen. Både Sæbø og NTNUIÅ har riktig nok ein kamp mindre spelt. Neste kamp går borte mot nettopp Sæbø neste onsdag kl 18.30