Jakta på frivillige

Jakta på Frivillige!

 

Hei alle medlemmar og lokalbefolkning – Hasundgot prøvar seg på eit friarbrev.  Det er mykje spanande som skal utførast framover i den kjære klubben vår og til dette treng vi deg på laget.

 

Å drifte ein klubb kjem ikkje av seg sjølv og vi er utruleg takknemlig over dei frivillige som driftar klubben i dag! Vi ser at med årleg medlemmsvekst (HURRA) og draumen om å bygge ein flott sportshall (dobbel HURRA) treng vi hjelp i fleire ledd – når fleire gjer litt slepp få og gjere mykje.

 

Vi ønsker å styrke oss i følgande nemnder og verv :

-Økonomigruppa                             -Kamparrangement senior Dame og Herre

-Trimgruppa                                      -Fair Play Ansvarlig

-Anleggsnemnda                              -Rekrutteringsansvarlig

-kvalitetsklubbgruppa

 

Er du nysjerrig på arbeidsoppgaver i dei ulike verva, ta kontakt.

 

Sitter du på kvaliteter du føler kan bidra med i klubben, ta kontakt for ein prat.

 

Vi kan garrantere eit godt miljø, og saman skal vi bidra til sunn vekst for å gi barn og unge, ja til og med voksne, ein plass å vere aktiv.

 

So ver så snill, har du pittelitt tid til overs i kvardagen eller kjenner på at du har mogelegheit til å bidra so håper vi verkeleg du vil bli med på laget! Vi har plass til både ungdom, vaksne og pensjonistar i gruppene og det er i utgangspunktet ikkje mykje jobb. Alle oppgaver er som ein del av eit team so du står ikkje åleine i noko du gjer.

 

Ta kontakt med

sport@hasundgot.no eller telefon 97515632 om du har litt å gi😊