Bli medlem

Alle er velkomne i Hasundgot IL, uansett alder og ferdigheit. For å kunne ta del i idrettslagets aktivitetar, er det derimot ein føresetnad at du er registrert som medlem i Hasundgot IL.

Eksisterande medlemer må syte for å ha betalt trenings- og medlemskontingent for å ta del i aktivitet i Hasundgot-regi.

Her er informasjon om korleis nye medlemer kan delta i aktivitet for Hasundgot.

Ikkje registrert i annan klubb

Dersom du ikkje er registrert i nokon idrettsklubb frå før, vert du oppmoda til å først opprette brukar i MinIdrett.

Når dette er gjort kan du melde deg inn i Hasundgot IL ved å gå inn på «Medlemskap» og søke opp Hasundgot.

Norges Idrettsforbund si heimeside kan du lese meir om denne løysinga og korleis du ber om medlemskap i idrettslag.

Har du spørsmål, kan du gjerne ta kontakt med klubbkasserer i Hasundgot.

Registrert i ein annan klubb

Dersom du ynskjer å melde overgang frå ein annan klubb, kan du lese meir om overgang og hositering.

Vi oppmodat deg å ta kontakt med sportsleg leiar i klubben før du melder overgang. Dette for å sikre at vi får alle opplysningar vi treng for å gjennomføre overgangen.

Dersom du har vore aktiv i ein annan klubb for meir enn 2 kalenderår sidan, må du likevel melde overgang. I slike tilfelle er det derimot andre overgangsrutinar.

Vår sportslege leiar kan hjelpe med dette.

Inaktive medlemer i Hasundgot

Dersom du har vore aktiv i Hasundgot tidlegare, men har vore inaktiv i minst 1 kalenderår, må du bli reaktivert som medlem.

Har du spørsmål om prosedyre rundt dette, kan du ta kontakt med klubbkasserer i Hasundgot.