Dersom du er registrert i ein annan fotballklubb og ønsker å spele for Hasundgot, må du melde overgang.
Spelarar, føresette og klubbar skal rette seg etter Overgangsreglementet § 4-1 og § 6:
«Før spilleren kontaktes med tanke på overgang, skal ny klubb på etterviselig måte sende skriftlig underretning til nåværende klubb og spillerens foresatte (for spelarar under 15 år). Nåværende klubb skal også informeres uten ugrunnet opphold dersom spilleren selv tar kontakt. Etter at nåværende klubb er underrettet, skal det gå rimelig tid før spilleren kontaktes.»
Overgang til Hasundgot
Slik går ein fram for å melde overgang:
- Ta kontakt med sportsleg leiar i Hasundgot.
- Sportsleg leiar set spelar/føresett i kontakt med trenar for aktuelt lag.
- Spelar/føresett fyller ut samtykkeskjema (overgangsskjema) og sender dette til sport@hasundgot.no.
Hospitering
Hospitering betyr at ein spelar kan trene, eller spele kampar, med ei anna gruppe for ei kort periode eller over tid.
Spelarar utviklar seg i ulikt tempo, som betyr at enkelte kan ha nytte av å trene og spele med ulik motstand.
Etter NFFs retningsliner skal ein som utgangspunkt ikkje starte med hospitering før spelaren har fylt 10 år. I nokre tilfelle kan derimot fysikk og tidleg utvikling av ferdigheiter gjere hospitering naudsynt.
For å setje i gang ei hospiteringsordning, skal trenaren kontakte sportsleg leiar, som kallar inn til møte med trenar, spelar og spelarens føresett.
Ein føresetnad for hospitering er at spelaren skal kjenne på både meistring og utfordring i eit trygt miljø (flytsonemodellen).