22. oktober 2021

Overgang og hospitering

Overgang

I Hasundgot er alle velkomne, uansett alder, kjønn og ferdigheitnivå. Dersom du er registrert i ein annan fotballklubb og ønsker å spele for Hasundgot, må du melde overgang.

Slik går ein fram for å melde overgang til Hasundgot IL:

  1. Ta kontakt med sportsleg leiar i Hasundgot eller send oss ei melding på Facebook.
  2. Etter eit avklaringsmøte med sportsleg leiar, vert spelar/føresette sett i kontakt med trenar for aktuelt lag.
  3. Spelar (og føresette om spelaren er under 18 år) fyller ut samtykkeskjema om overgang og sender dette til sport@hasundgot.no.

Hospitering

I Hasundgot IL ønsker vi både personleg og kollektiv utvikling. Vi vil derfor å leggje til rette for at alle får eit tilbod som er tilpassa sitt nivå.

Ein suksessfaktor for personleg utvikling er at spelaren ligg på rett side i flytsonemodellen, der spelaren både kjenner meistring og utfordring i treningskvardagen.

Om spelarar har ønske om å trene på eit høgare – eller lågare – nivå, skal klubben leggje til rette for dette.

Ta kontakt med sportsleg leiar for å avtale eventuelle hospiteringsplanar.