Overgangar og hospitering

Overgang

Dersom du er medlem i ein annan fotballklubb og ønskjer å melde overgang til Hasundgot IL, skal fotballstyret kontaktast før ein startar med treningar.

Ta kontakt ved å sende e-post til sportsleg leiar eller ved å sende oss ei melding på Facebook.

Etter ein samtale om tankar og forventningar, vert eventuelt spelaren sett i kontakt med trenaren for det laget spelaren ønskjer å trene/hospitere med.

Når ein er klare for å melde overgang, må spelar (og føresette om spelaren er under 18 år) levere eit samtykkeskjema om overgang som ein finn på Fotballforbundet si heimeside.

Hospitering

I Hasundgot IL er vi opptekne av både personleg og kollektiv utvikling. Vi ønskjer derfor å leggje til rette for at alle får eit tilbod som er tilpassa sitt nivå.

Ein suksessfaktor for å oppnå personleg utvikling er at spelaren ligg på rett side i flytsonemodellen, der spelaren både kjenner meistring og utfordring.

Om spelarar har ønske om å trene på eit høgare – eller lågare – alderstrinn, skal laga leggje til rette for dette.

Ta kontakt med sportsleg leiar for å avtale eventuelle hospiteringsplanar.