For trenarar

I Hasundgot er vi heilt avhengige av engasjerte foreldre og føresette for å kunne tilby eit best mogeleg tilbod i barne- og ungdomsfotballen.

Idrettslaget vårt er tufta på frivillig innsats og mykje «stå på vilje», og vi er takksame overfor alle som ønskjer å gjere idrettslaget til ein samlande arena i lokalmiljøet.

For å ivareta den «raude tråden» i Hasundgot IL, oppmodar fotballstyret alle trenarar og lagleiarar til å ta i bruk vår Sportsplan i dei ulike alderstrinna.

Fotballstyret oppmodar også alle føresette som har trenar- eller lagleiarverv å tileigne seg formell trenarkompetanse gjennom NFF.

Dette gjeld særøeg Grasrottrenarkurset, som Sunnmøre Fotballkrets arrangerer jamleg gjennom året.

Ta kontakt med sportsleg leiar i Hasundgot IL for meir informasjon om korleid du melder deg på eit trenarkurs.

Nyttige lenker