Vår historie

publikum
«Fotballekspertane» på haugen.

Idrettslaget vart stifta i 1976, og har gjennom historia både hatt fotballag både på herresida og damesida. I tillegg har idrettslaget også hatt eit handballag, som speglar seg igjen i klubbemblemet.

Det aller første hovudstyret vart i si tid sett saman med følgjande organisering:

  • Styret (v. Nils Dimmen)
  • Banenemd (v. Elbert Ertesvåg)
  • Arrangørnemd (v. Åse Ringstad)
  • Fotballgruppe (v. Arne Sundgot)
  • Handballgruppe (v. Janlaug Dimmen).

Namna i parantes var leiarane i dei ulike gruppene. Leiv Sundgot har blitt nemnd som ein av iniativtakarane til stiftingsmøtet, og det var også han som leia dette møtet.

I dag er det fotball og trimgruppa som står igjen av aktivitetstilbod, og vi har om lag 500 registrerte medlemmer i idrettslaget.