Herrelaget 2015-sesongen

Herrelaget rykka ned frå 5.-divisjon i 2014, etter ein svært tøff sesong med lite poengfangst.

Vidar Ertesvåg valde å takke for seg, og Lars Breivik tok over som hovudtrenar inn mot 2015-sesongen.

På grunn av strukturelle endringar i seriesystemet, der det skulle bli færre avdelingar høgare oppe i seriesystemet, var det ikkje mogeleg for 6.-divisjonslaga å rykkje opp denne sesongen.

2015 vart derfor ein mellomsesong, og det var lite anna enn ære å spele for.

I løpet av året opplevde vi både flotte oppturar (til dømes gode resultat mot Volda II og Gjerdsvika) og store nedturar (sviande tap mot Hareid II og Haddal) i løpet av sesongen.

I ei avdeling med seks lag vart det spelt trippel serie, og Hasundgot endte på ein 3.-plass bak Volda 2 og Hareid 2.

Tabellen

Lag S P
1 Volda 2 15 31
2 Hareid 2 15 30
3 Hasundgot 15 28
4 Gjerdsvika /Moltustranda 15 16
5 Haddal 15 13
6 Larsnes/Gursken 2 15 11

Slik var sesongen 2015 (fotball.no)