Herrelaget 2016-sesongen

SHOWKAMP: Lagbilete frå showkampen i samband med 40-årsjubileet til klubben i 2016.

Sesongen starta på glimrande vis, og på dei fire første kampane stod laget med tre sigrar, eitt uavgjort og ingen tap.

Etter å ha serieopna med 4-0 borte mot Moltustranda, følgde vi opp med 5-1 over Langevåg 2 (som seinare trekte laget), 3-3 mot serievinnar Sæbø og 3-1 mot Tjørvåg.

Sesongens første tap kom i den femte kampen, då Gjerdsvika sigra 3-2 på Hasundgot kunstgras.

Dette var starten på ei fem kampars lang periode med berre eitt fattig poeng. Ironisk nok snudde trenden på nytt mot nettopp Gjerdsvika, då vi fekk ein etterlengta siger på bortebane.

Moltustranda blei sju nummer for små i den påfølgande kampen, men dessverre vart avslutninga på sesongen så som så – og året var avslutta med tap mot høvesvis Hareid II og Bergsøy II.

Etter 12 spelte seriekampar vart det ein nest sisteplass, berre framfor Moltustranda som ikkje makta å ta eit einaste poeng i løpet av sesongen.

Tabellen:

Lag S P
1 Sæbø 12 31
2 Bergsøy 2 12 22
3 Gjerdsvika 12 21
4 Tjørvåg 12 18
5 Hareid 2 12 17
6 Hasundgot 12 14
7 Moltustranda 12 0
* Langevåg 2 0 0

Slik var sesongen 2016 (www.fotball.no)