Herrelaget 2017-sesongen

Året 2017 vart eit år der Hasundgot verkeleg la inn ein ekstra innsats for å prøve å ta steget opp igjen til 5.-divisjon.

Før sesongen vart Morten Knutsen henta inn som fysisk trenar, og det er nok ingen tvil om at Hasundgot var betre trente (fysisk) i april 2017 enn på mange år.

Fotballmessig starta det derimot litt trått. På dei seks første kampane vart det berre seks poeng, etter å ha tapt tre, spelt uavgjort tre og vunne berre éin kamp.

Før sesongpausen tok Hasundgot med seg ytterlegare éin siger mot Stadt, ein uavgjort mot Vartdal og ein kalassiger mot Moltustranda, før Sæbø sende oss heim til Ulsteinvik med flatterande 8-2 på Sæbø kunstgrasbane.

Haustsesongen skulle derimot bli mykje betre. Nokre sterke resultat som 4-3 over Bergsøy II og 1-1 mot dåverande serieleiar Åmdal gjorde at andre halvdel av sesongen vart langt meir positiv enn før sommarferien.

Faktisk var det berre årets siste kamp mot Sæbø, som enda 2-4, som vart Hasundgots einaste tap frå august til oktober.

I tillegg sørgja reduseringa til 2-4 av Arve Vestnes heilt på tampen av kampen mot Sæbø at vi klatra forbi Gjerdsvika/Larsnes/Gursken på tabellen og kapra ein 4.-plass – med eitt mål betre i målskilnad enn sandssokningane.

Heider:

  • Årets spelar: Nicolai Haddal Molvær
  • Årets nykomar: Isak Sundgot
  • Årets toppscorar: Sebastian Moldskred Kleven, Ruben Muren

Tabellen

Lag S P
1 Sæbø 20 50
2 Åmdal 20 49
3 Bergsøy 2 20 39
4 Hasundgot 20 32
5 Gjerdsvika IL/ Larsners/Gursken FK 20 32
6 Vartdal 20 31
7 Hødd 3 20 30
8 Hareid 2 20 28
9 Tjørvåg 20 11
10 Moltustranda 20 5
11 Åheim /Stadt 20 4

Slik var sesongen 2017 (www.fotball.no)