Om Hasundgot IL

Hasundgot Idrettslag vart stifta 17. november 1976 og har gjennom historia vore ein pådrivar for at både born, unge og vaksne skal få eit godt idrettstilbod på Dimnøya.

Det første styret var sett saman av Nils Dimmen (formann), Vigdis Garnes (kasserar), Per Ristesund (sekretær) og Leiv Sundgot (styremedlem).

Hovudstyret var elles komplettert av Elbert Ertesvåg (Banenemd), Åse Ringstad (Arrangørnemd), Arne Sundgot (Fotballgruppe) og Janlaug Dimmen (Handballgruppe).

Frå starten av bestod Hasundgot IL av to greiner: trim og handball. Fotballaget kom først inn i seriestystemet i 1979 etter å ha måtte vente to år på å få kome inn i fotballkretsen.

Aktivitet og tilbod

Fotball er Hasundgot IL sitt primære aktivitetstilbod. Vi har eit sportsleg tilbod i dei aller fleste alderskulla, med nokre få unntak. Hasundgot og Haddal samarbeidar også i enkelte årskull.

I tillegg arrangerer trimgruppa jamlege aktivietetar som til dømes fjelltuarar, familieturar, barnetrim, Old Boys, Hasundgotrypa og årleg nyttårsmarsj.

Handballgruppa la ned aktiviteten då dei måtte trekkje laget frå serien i 1984.

Medlemmer

Idrettslaget har om lag 300 medlemmer og er tufta på engasjement og frivilligheit. Vi er derfor heilt avhengige av foreldre, eldsjeler og andre pådrivarar som legg inn ein ekstra innsats for å gjere tilbodet i idrettslaget så godt som mogeleg.

Vi er stadig interessert i å utvide vår Hasundgot-familie, så om du har lyst til å bli medlem er du hjarteleg velkomen!

Meir om Hasundgot