23. oktober 2021

Forsikring ved fotballrelatert skade

Skulle det oppstå skade og uhell gjennom fotballaktivitet, kan du ringe Idrettens skadetelefon (IST) på 987 02 033 for bistand. Deretter må du sende inn skadeskjema hos Idrettshelse.no.

Er utøvaren over 18 år er det utøvaren sjølv sitt ansvar at skadar blir meld inn til forsikringsselskapet så raskt som mogleg etter uhellet har skjedd. Er utøvaren under 18 år, skal foreldre eller føresette for utøvaren registrere skada.

Om du ønsker råd og rettleiing, kan du ta kontakt med Hasundgot IL eller lese meir på Fotballforbundet si heimeside.

NIFs Barneidrettsforsikring (0-12 år)

Barneidrettsforsikringa gjeld opp til den dagen spelaren fyller 13 år. Barneidrettsforsikringa er innlemma i Skadetelefonen.

Kravet for å vere dekka av Norges Idrettsforbund si Barneidrettsforsikring er mellom anna skada oppstod i eit arrangement i regi av eit idrettslag/klubb.

Klubbforsikring (13 år og eldre)

Spelarar som er 13 år eller eldre er forsikra gjennom klubbens lagsforsikring. Det er derfor svært viktig at spelarane er registrerte i FIKS.

Spelarar som ikkje er registrert i FIKS er ikkje forsikra, og dermed heller ikkje speleberettiga.

Trenarar, lagleiarar og dommarar

Alle trenarar, lagleiarar og dommarar som er registrert i FIKS, er dekka av grunnforsikringa.

Utvida forsikring

Tilbod om utvida forsikring kan bestillast for spelarar og dommarar i alle aldersgrupper via eige skjema på www.fotballforsikring.no.