Medlems- og treningskontingent

I Hasundgot IL har vi to typar kontingentar som vert fakturert kvart år:

  • Medlemskontingent: obligatorisk for både aktive utøvarar og støttemedlemmer.
  • Treningskontingent: berre for aktive utøvarar.

Ikkje medlem? Her kan du enkelt melde inn deg eller barnet ditt i Hasundgot IL.

Medlemskontingent

GruppePris
Barn400,-
Vaksen400,-
Familie800,- (totalt)

Årsmøtet vedtok mars 2022 at medlemskontingent vert oppjustert til 400,- for enkeltmedlem og 800,- for familie frå 2023. Fram til då er prisen 300,- for enkeltmedlem og maks 600,- for familiemedlemskap.

Støtte frå Idrettsforbundet vert fordelt på grunnlag av medlemstal, så vi håper at flest mogleg melder inn heile familien!

Medlemskontingenten vert sendt ut per e-post i starten av kalenderåret og kan betalast anten via nettbank eller i Min Idrett med bankkort/vipps.

Treningskontingent

AlderPris
Til og med 10 år700,-
11-16 år900,-
17 år og eldre2.000,-

Aktive utøvarar i Hasundgot IL skal i tillegg til medlemskontigent også betale treningskontingent.

Denne avgifta skal mellom anna dekke deltaking på aktivitetar gjennom Hasundgot, forsikring, slitasje på anlegget, fellesutstyr og andre felleskostnadar.

Treningskontingenten vert sendt ut per e-post før sesongstart og kan betalast anten via nettbank eller i Min Idrett med bankkort/vipps.

Økonomiske utfordingar

Hasundgot IL følgjer Norges Fotballforbund sine verdiar om å behalde flest mogleg lengst mogleg i fotballfamilien.

Barn i hushald eller familiar med trang økonomi skal også få like moglegheiter til å delta. Har du utfordring med å betale medlems- og treningskontingenten ønsker Hasundgot IL å hjelpe så langt som råd.

Dersom du ønsker å diskutere alternativ betalingsplan, ta kontakt med sportsleg leiar i Hasundgot.