6. desember 2021

Medlems- og treningskontingent

Medlemskontingent

GruppePris
Barn300,-
Vaksen300,-
Familie600,- (totalt)

Alle medlemmer i Hasundgot IL skal betale medlemskontingent. Om du ikkje er medlem, kan du enkelt melde inn deg eller barnet ditt i Min Idrett.

Ein kan vere medlem utan å vere aktiv utøvar, som t.d. støttemedlem eller inngå familiemedlemskap.

Medlemskontingenten vert sendt ut per e-post og kan betalast anten via nettbank eller i Min Idrett med bankkort/vipps.

Treningskontingent

AlderPris
Til og med 10 år700,-
11-16 år900,-
17 år og eldre2.000,-

Aktive utøvarar i Hasundgot IL skal i tillegg til medlemskontigent også betale treningskontingent.

Denne avgifta skal mellom anna dekke deltaking på aktivitetar gjennom Hasundgot, forsikring, slitasje på anlegget, fellesutstyr og andre felleskostnadar.

Økonomiske utfordingar

Hasundgot IL følgjer Norges Fotballforbund sine verdiar om å behalde flest mogleg lengst mogleg i fotballfamilien.

Barn i hushald eller familiar med trang økonomi skal også få like moglegheiter til å delta. Har du utfordring med å betale medlems- og treningskontingentent ønsker Hasundgot IL å hjelpe så langt som råd.

Dersom du ønsker å diskutere alternativ betalingsplan, ta kontakt med sportsleg leiar i Hasundgot for assistanse.