Hasundgot IL sitt formål, vår visjon, våre verdiar og mål er forankra i både klubbhandboka og sportsplanen.
Formål
Hasundgot skal drive idrett for barn og unge i Ulstein kommune, primært Hasund og Sundgot krins.
Visjon
Hasundgot IL skal bidra til å gjere bygda vår til ein betre stad å bu. Dette skal vi oppnå ved å vere ein positiv bidragsytar i lokalsamfunnet og strekkje oss mot å kunne tilby aktivitet for alle.
Verdiar
I Hasundgot IL har vi følgjande kjerneverdiar:
- Inkluderande – du er velkomen uansett alder, kjønn, ferdigheitsnivå og etnisk bakgrunn
- Fair play – vi skal opptre i god Fair Play-ånd, både på og utanfor banen
- Trivsel – vi tek vare på det gode miljøet og fellesskapen
- Optimistisk – vi ser moglegheiter, ikkje problem
Hovudmål
I løpet av planperioden 2022-2025 har vi i Hasundgot IL:
- eit sportsleg tilbod i alle aldrar, anten per årskull eller på tvers av årskull
- status som Kvalitetsklubb
- like mange jentelag som gutelag i alderen 6-12 år
- etablert eit seniortilbod på damesida
- minimum 1 trenar per årskull med relevant trenarkurs (NFF Grasrottrenar)