6. desember 2021

Verdiar og visjonar

Hasundgot IL sitt formål, vår visjon, våre verdiar og mål er forankra i både klubbhandboka og sportsplanen.

Formål

Hasundgot skal drive idrett for barn og unge i Ulstein kommune, primært Hasund og Sundgot krins.

Visjon

Hasundgot IL skal bidra til å gjere bygda vår til ein betre stad å bu. Dette skal vi oppnå ved å vere ein positiv bidragsytar i lokalsamfunnet og strekkje oss mot å kunne tilby aktivitet for alle.

Verdiar

I Hasundgot IL har vi følgjande kjerneverdiar:

  • Inkluderande – du er velkomen uansett alder, kjønn, ferdigheitsnivå og etnisk bakgrunn
  • Fair play – vi skal opptre i god Fair Play-ånd, både på og utanfor banen
  • Trivsel – vi tek vare på det gode miljøet og fellesskapen
  • Optimistisk – vi ser moglegheiter, ikkje problem

Hovudmål

I løpet av planperioden 2022-2025 har vi i Hasundgot IL:

  • eit sportsleg tilbod i alle aldrar, anten per årskull eller på tvers av årskull
  • status som Kvalitetsklubb
  • like mange jentelag som gutelag i alderen 6-12 år
  • etablert eit seniortilbod på damesida
  • minimum 1 trenar per årskull med relevant trenarkurs (NFF Grasrottrenar)