Dommarutvikling

Rekruttering og oppfølging av dommarar er ei kjerneoppgåve i klubben. God aktivitet i klubben er avgjerande for at barn og ungdom vert inspirert til å bli fotballdommarar.

Rekrutteringsplan for dommarar:

  • Klubben skal årleg arrangere klubbdommarkurs for spelarar 13-14 år for å gi ei betre forståing for dommarrolla og fotballreglementet.
  • Det er ikkje eit krav at spelarane skal gå vidare med dømming etter gjennomført kurs.
  • Eldre årskull som er interesserte er også velkomne til å delta.
  • Trenarar, lagleiarar og føresette vert oppmoda til å delta på klubbdommarkurset.
  • Nye dommarar skal få ein trygg startarena, som t.d. miniturneringar eller liknande.
  • Oppmuntre dei som sluttar med fotball til å prøve seg som dommar for å unngå fråfall.
  • Arrangere “inspirasjonstur” for potensielle dommarar, som å besøke dommargarderobe på kampdagar (t.d. på Høddvoll).

Instruks for dommaransvarleg

For å lykkast med både rekruttering og oppfølging er det viktig at klubben legg godt til rette for dommarutvikling.

Dette betyr at det er god dialog mellom dommaransvarleg og styret.

Oppgåver for dommaransvarleg:

  • Legge til rette for dommarkurs i klubb, samt følgje opp og gi rettleiing til dommarar.
  • Tilby dei som har ambisjonar og talent vidare oppfølging og etterutdanning i fotballkretsen.
  • Sørge for at det blir satt opp dommar i alle kampar i barnefotballen og miniturnering.
  • Sjå til at dommarar høyrer til klubbmiljøet på lik linje med spelarar.
  • Halde fellesmøte med dommarane i klubben før sesongstart for å gå gjennom nye retningslinjer.
  • Jobbe målretta med å rekruttere fleire jenter til å ta dommarkurs.
  • Sørgje for at dommarar i klubben får informasjon om tilgjengelege kurs (etterutdanning).
  • Følge opp at dommarar inngår i klubbens utstyrsavtale, samt at dommarar har rett utstyr tilpassa det nivået dei dømmer på.
  • Møte i klubbens sportslege utval med oppdatering på dommarsituasjon i klubb
  • Arrangere fellessamling for dommarar i klubb etter sesongslutt med erfaringsutveksling og deling av tankar og idear for vidareutvikling.

Rapportering og oppfølging

Rolla som dommaransvarleg er plassert i det sportslege utvalet, og rolla rapporterer til Sportsleg leiar.

Kompetanse

  • Rolla som dommaransvarleg bør ha gjennomført aktuelle dommarkurs, som t.d. Rekrutteringsdommarkurs eller Klubbdommarkurs.
  • Dokumentert erfaring som dommar over lengre tid kan kompensere for manglande formell dommarkompetanse.