Rekruttering

Hasundgot ønsker å tilby flest mogleg barn og unge eit godt aktivitetstilbod innanfor trygge rammer og i ein sosial arena.

Denne rekrutteringsplanen skildrar korleis Hasundgot skal jobbe for å sikre best mogleg rekruttering av nye årskull til idrettslaget vårt.

Målgruppe

  • Primær målgruppe: gutar og jenter i 1. klasse ved Hasund skule
  • Sekundær målgruppe: gutar og jenter i Sundgodtmarka barnehage
  • Tertiær målgruppe: gutar og jenter i 1. klasse Haddal skule, om Haddal ikkje har eige tilbod

Rekruttering

For å rekruttere nye årskull til Hasundgot IL, skal Rekrutteringsansvarleg:

  • Informere om oppstart av nye lag på klubbens heimeside og i sosiale medium
  • Sende ut ranselpost til elevar i 1. klasse ved Hasund skule ved skulestart
  • Invitere til foreldremøte i løpet av august/september
  • Starte opp aktivitet så tidleg som mogleg etter foreldremøtet

Hasundgot har som mål at minst 70 prosent av gutane og minst 60 prosent av jentene i 1. klasse ved Hasund skule skal starte med fotball i løpet av oppstartsåret.

Aktivitet

Ved oppstart av aktivitet for nye årskull, skal Hasundgot:

  • Ta ansvar for første treningsøkt, saman med foreldretrenarar som ønsker å bidra.
  • Gjennomføre treningsøkta i tråd med klubbens sportsplan og NFF sine retningsliner.
  • Følgje opp trenarane tett i oppstartsåret

Trenarrettleiar og rekrutteringsansvarleg er ansvarleg for å følgje ekstra godt opp trenarane i oppstartsåret. Desse funksjonane er også ansvarlege for at føresette som ikkje har trenarkurs frå tidlegare skal gjennomføre NFF Grasrottrenarkurs del 1 og Barnefotballkurset snarast råd.

Nye trenarar skal levere politiattest til klubbens politiattestansvarleg.

Utstyr ved oppstart

Ved oppstart av nye årskull, vert følgjande utstyr utdelt av Hasundgot IL til første treningsøkt:

Fellesutstyr

  • Ballnett med nok ballar til alle spelarar
  • Eit sett med vestar
  • Eige bur i ballboda med lås

Kjeglar er fellesutstyr og er tilgjengeleg frå ballboda.

Trenarutstyr

  • Trenar- og lagleiarapparatet får inntil 2 stk. utstyrspakkar. Dette vere overdel og bukse, eller ei trenarjakke (coachjakke).
  • Andre trenarar/lagleiarar i apparatet får 50 prosent rabatt på utstyrspakke.
  • Ved supplering av nytt utstyr får trenarapparatet 50 prosent rabatt på ordinærpris.
  • Trenarane får ein personleg nøkkelbrikke til ballbod/klubbhus.

Økonomi

Aktive utøvarar må vere medlem av idrettslaget for å delta i vår aktivitet. Vi oppmodar derfor føresette til å melde inn barnet sitt som medlem i Hasundgot IL så raskt som mogleg etter oppstart. Dette gjerast digitalt via Min Idrett.

Pris for enkeltmedlem er kr 300,- og pris for familiemedlemskap er kr 600,- uavhengig av kor mange medlemmer det er i familien.

I oppstartsåret er 6-åringar friteken for treningskontingent. Her finn du meir informasjon om medlems- og treningskontingent i Hasundgot IL.

Inkludering

Hasundgot IL følgjer NFF sin visjon om «Fotball for alle – glede, drøymer og fellesskap». Dette betyr at i Hasundgot er alle velkomne, uavhengig av funksjonsevne, kulturell bakgrunn, etnisitet og betalingsevne.

Så langt det er mogleg, skal vi etablere eigne gute- og jentelag frå starten av.

Barn i hushald eller familiar med trong økonomi skal også få like moglegheiter til å delta. Har du utfordring med å betale medlems- og treningskontingenten ønsker Hasundgot IL å hjelpe så langt som råd.

Ta kontakt med sportsleg leiar for meir informasjon om å betalings- og stipendavtalar.

Rekrutteringsansvarleg

I Hasundgot IL ligg rolla som rekrutteringsansvarleg innunder Sportsleg leiar. Kontaktinformasjon: sport@hasundgot.no

Instruks for Rekrutteringsansvarleg

Hasundgot IL sin rekrutteringsansvarleg si hovudoppgåve er å sjå til at det vert oppstart av nye årskull i idrettslaget. Rekrutteringsansvarleg jobbar i samarbeid med Trenarrettleiar for å følgje opp nye kull og lagets trenarar i oppstartsåret.

Oppgåver

  • Sende ut informasjon til Hasund skule om oppstart for 6-åringar
  • Publisere informasjon om oppstart av nye lag på heimeside og sosiale medium
  • Invitere føresette til oppstartsmøte før første trening
  • Følgje opp trenarar og lagleiarar i oppstartsåret saman med Trenarrettleiar

Plan for tiltak

  • Juni/juli: Opprette dialog med Hasund skule
  • Tidleg august: Sende ranselpost til utdeling på Hasund skule.
  • Tidleg august: Publisere informasjon på hasundgot.no og sosiale medium.
  • Midten av august: arrangere foreldremøte
  • Slutten av august: første trening for nytt kull
  • Tidleg oktober: dialog med trenarar/lagleiarar om status

Kompetanse

  • Rekrutteringsansvarleg bør minimum ha gjennomført NFF Grasrottrenarkurset og/eller barnefotballkurset. Eventuell anna relevant idrettskompetanse kan kompensere.
  • Rekrutteringsansvarleg skal kjenne til klubbens sportsplan, NFF sine retningslinjer for barnefotball, breiddereglementet, laginndelingar og turneringsreglar.
  • Rekrutteringsansvarleg skal også vere delaktig i å vidareutvikle klubbens rekrutteringsplan.