23. oktober 2021

Sesongplanlegging og kampavvikling

Tydelege rutiner og retningsliner for sesongplanlegging og kampavvikling vil lette kvardagen for både klubben og laga våre.

Denne sesong- og kampavviklingsplanen skal sikre at vi som klubb klarer å forhindre eventuelle problem rundt lagspåmelding, slik at vi kan oppretthalde eit godt sportsleg tilbod og unngå fråfall.

For eventuelle spørsmål om lagspåmelding til anten serie- eller cupdeltaking, ta kontakt med sportsleg leiar for meir informasjon.

Rutinar for lagspåmelding

Mot slutten av sesongen inviterer sportsleg utval inn lag til sesongevaluering/oppsummering. Dette vert gjerne delt mellom barn (6-12) og ungdom/senior (13+).

På dette møtet startar også planlegging av påmelding til neste sesong, og det vert avklart eventuelle behov for å slå saman årsklasser eller opprette samarbeidslag med Haddal IL.

Lagleiar sender lagspåmelding til sport@hasundgot.no med stadfesting på kor mange lag, laget sin lagleiar, trenar og lagliste for kullet innan følgjande fristar:

  • Frist for påmelding ungdom/senior (13år og eldre): 20. januar
  • Frist for påmelding (6-12 år + 7ar senior): 20. februar

Endeleg påmelding vert gjort av FIKS-ansvarleg innan Sunnmøre fotballkrets sine fristar.

Dersom lag ønsker å delta på cupar og turneringar (ikkje Miniturnering 6-9 år), er det klubben som skal melde på lag. Då sender lagleiar skriftleg beskjed til Sportsleg leiar innan aktuell påmeldingsfrist.

Anbefalte spelformer

  • 3ar fotball: 5-6 spelarar per lag
  • 5ar fotball: 7 spelarar per lag
  • 7ar fotball: 9 spelarar per lag
  • 9ar fotball: 12-14 spelarar per lag
  • 11ar fotball: 14-18 spelarar per lag

Retningsliner for kampavvikling

Det er kampen som er den store gulrota for alle spelarar. Vi ønsker at alle kampar skal gjennomførast innanfor NFFs rammar som gir gode opplevingar – både for spelarar, trenarar, føresette og dommarar.

Sjå NFF sin ABC for lagleiarar for god og trygg gjennomføring av kampar.

Slik skal vi leggje godt til rette for å avvikle kampar i Hasundgot IL:

Kampverten

Kampverten skal bidra til at kampane vert gjennomført i god Fair Play-ånd.

Oppgåver for kampverten

  • Møt opp i god tid før avspark. Ha alltid på kampvertvest, som ligg i kiosken på klubbhuset
  • Ta imot besøkande lag og dommar(ar) og vis dei til aktuell garderobe
  • Tilby bortelag og dommarar bevertning (frukt, kaffi, brus, etc.) i garderoben
  • Bidra til gjennomføring av Fair Play-helsing før og/eller etter kamp
  • Setje opp bane, merk opp eventuell innbytarsone og ha dialog med lag som trenar
  • Sjå til at publikum ikkje oppheld seg ved innbytarbenkane, men på tribunen
  • Ha gjerne med foreldrevettreglar-kortet som kan finnast i kiosken
  • Meld frå om negative hendingar til Fair Play-ansvarleg

Miniturneringar

Hasundgot kan få arrangøransvar i ulike kull. Det er laga som deltek i turneringa som er ansvarleg for arrangementet. Klubben hjelper til med administrering/planlegging ved behov.

Arrangørlag er ansvarleg for å sjå til at kampoppsett, kiosk, kampvert og dommarar er på plass til turneringsstart.

Jamfør Hasundgot sin dommarrekrutteringsplan, er dette ein fin arena for interne klubbdommarar å teste ut dommarvervet.

Fair Play-møtet

God Fair Play er viktig for Hasundgot, uansett alderstrinn. Vi oppmodar derfor våre lag til å initiere Fair Play-møtet i forkant av kampen, der lagleiarar og dommarar vert kjent og vert einige om ramma rundt kampen.

Ta gjerne kontakt med klubbens Fair Play-ansvarleg for meir informasjon om klubbens Fair Play-arbeid.

Praktiske ting

Lag som driv trening på feltet skal avslutte seinast 15-20 minutt før kampstart slik at lag som skal spele kamp får naudsynt oppvarmingsareal.

Våre lag skal, så langt det er praktisk mogleg, halde open kiosk på heimekampar og når vi arrangerer (mini)turneringar.

Dommarrregning

Dommarar som er registrert i Fotballens Informasjons og KommunikasjonsSystem (FIKS) skal sende dommarregning via FIKS.

Dommarregningar som er utfylt på papirskjema skal skannast og sendast til faktura@hasundgot.no.

Sanksjoner

Eventuelle sanksjonar vert handsama i sportsleg utval og styret vert orientert. Ved eventuelle større/alvorlege sanksjonar vert saka hansama i styret.