23. oktober 2021

Trenarrettleiar

Oppfølging av klubbens trenarar er viktig for både trivsel og utvikling. Ein trenarrettleiar skal vere ein ressurs for å “trene” trenarane i Hasundgot IL.

Ei viktig oppgåve for trenarrettleiaren er å sørgje for at trenarar er kjende med, og nyttar, klubbens Sportsplan i den daglege fotballaktiviteten.

Oppgåver for trenarrettleiar

  • Tilby rettleiing og oppfølging av trenarar på feltet
  • Arbeide aktivt for å fremje Hasundgot sin sportsplan
  • Bistå Sportsleg utval med å arrangere trenarforum i løpet av året
  • Motivere trenarar til å gjennomføre trenarutdanning (Grasrottrenarkurset)
  • Bistå Sportsleg utval med å halde oversikt over trenarkompetanse i klubben
  • Vere samtalepartnar for Sportsleg utval rundt rekruttering av nye trenarar
  • Delta på aktuelle samlingar i regi av krets

Rapportering og oppfølging

Hasundgot IL sin trenarrettleiar er plassert i det sportslege utvalet, og rolla rapporterer til Sportsleg leiar.

Kompetanse

  • Trenarrettleiaren bør ha gjennomført, eller ta sikte på å gjennomføre, heile NFF Grasrottrenarkurset.
  • Det er også anbefalt at denne rolla gjennomfører NFF Trenarrettleiaren som vert arrangert av Sunnmøre Fotballkrets.